Om å velje utdanning

Om å velje utdanning

Kva kan eg bli?

Å ta eit val

Å velje utdanning er for dei aller fleste ei stor avgjerd. Mange er usikre på kva dei ønsker å studere, og det er mange utdanningsretningar å velje mellom. Du tenker kanskje at utdanningsvalet du gjer no, er avgjerande for resten av karrieren din, men det er sjeldan slik. Det er mange moglegheiter til å skifte retning både undervegs i studia og i løpet av livet. Og all utdanning og erfaring gir deg kompetanse som kan vere nyttig i mange ulike typar jobbar.   

Så ei utdanning kan føre til mange ulike jobbar, det opnar seg ofte langt fleire moglegheiter enn ein kjenner til. Og mange ulike studium kan føre til same jobb. Nye typar jobbar oppstår, medan andre forsvinn. Interessene og ønska dine og kva som er viktig for deg, vil truleg også forandre seg over tid. Derfor vil du sannsynlegvis måtte stå i endringar og ta fleire karriereval gjennom livet. Nokre synest det høyrest vanskeleg ut, men det gir deg også høve til å velje den retninga du sjølv ønsker gjennom karrieren din. Så det å bli god på å sjå moglegheitene dine og vere bevisst på den kompetansen du har og ønsker, er bra å jobbe med under studietida. 

 

Kva blir eg?

"Kva blir du" så med utdanninga du vel? Jobbmoglegheiter etter utdanninga avheng av meir enn kva studieprogram du vel. Andre faktorar som kan ha verknad, er kva for bachelor- eller masteroppgåve du skriv og  kva arbeidserfaringar og kontaktar du får gjennom studiet. Sjå i filmen under for meir informasjon om kva som kan bety noko for kva for jobb du får etter avslutta utdanning. 

 

Nokre konkrete tips til valprosessen

Sett av tidspunkt for når du skal tenke på dette. Du treng pausar! 

Skriv ned tankane dine rundt valet for å unngå at tankane går rundt og rundt. Ta frem det du skreiv førre gong du tenkte på dette. Stemmer det framleis? 

Sjå på valprosessen som eit prosjekt som du deler opp i mindre delprosjekt. Delprosjekt kan for eksempel vere: 

  • Kva er viktig for deg, kva for verdiar må du ta omsyn til?
  • Kva for fordelar og ulemper har dei ulike alternativa på kort og lang sikt? 
  • Kva er motivasjonen din for dei ulike alternativa?
  • Kva har du gjort tidlegare når du skulle ta viktige val? Kva fungerte bra?
  • Kva eller kven kan hjelpe deg til å ta eit val? 

 

Ta eigarskap til valet ditt

Eit val kan vere tungt før ein har tatt det, det er då ein har alle tankane og redsel for konsekvensane. Men ofte blir det ikkje heilt feil uansett kva valet fell på. Samtidig må ein også nokre gonger våge å ta eit nytt val. 

Tenk over:

  • Kva kan du gjere for å ha det godt med det valet du tar? 
  • Korleis vil du forplikte deg til det valet du har tatt?
  • Om du må velje på nytt: Tenk på dette som noko du lærer av. 

Studium og rettleiing ved NTNU

Om å velje utdanning

Ein del av karrieren din er å velje utdanning. Tenk gjennom kva som er viktig for deg når du skal velje studium, og kvifor. Fyll ut skjema for studieval for å reflektere over dine interesser, korleis du lærer best og kva for informasjon du trenger. 

Skjema for studieval

 

Det kan vere vanskeleg å velje, og det er heilt vanleg å vere usikker. Sjå filmen om det å ta eit utdanningsval. 

Søk informasjon om studia

Å oppsøke informasjon er første skritt på vegen til å ta eit studieval. Ver nysgjerrig og undersøk fleire utdanningsmoglegheiter. Les om utdanningsområda våre og kva studieprogram vi tilbyr på NTNU. For kvart studieprogram kan du sjå på:

  • Kva faga inneheld i heile studietida
  • undervisningsforma som blir brukt
  • valmoglegheiter innafor studieprogrammet
  • læringsutbytte
  • kva for mogligheiter det kan gi i arbeidslivet 

Du kan kontakte studierettleiar på det studiet du vil vite meir om.

 

Ta utgangspunkt i arbeidsoppgåver i arbeidslivet 

Studieval kan òg ta utgangspunkt i arbeidsoppgåver du ønsker etter utdanninga. 

Med jobbkompasset frå utdanning.no kan du velje tema som interesserer deg og finne yrke og utdanningar som passar. 

I stillingsutlysingar kan du finne informasjon om konkrete arbeidsoppgåver og kva som er ønskeleg av utdanning i jobbar som interesserer deg. Ved å jamleg lese stillingsutlysingar kan du også halde deg orientert i arbeidsmarknaden gjennom heile studietida. Du finn stillingsutlysingar i jobbportalar.

Usikker på studievalget og redd for å angre?

Usikker på om du har valt riktig?

Har du allereie starta eit studium, men er usikker på om du vil halde fram? Då kan det vere greitt å ha nokon å snakke med, og du har moglegheit til å få  rettleiing. Hugs likevel at det ofte tar litt tid å komme inn i eit studium og lære seg korleis ein best kan studere. Gode studievanar er òg noko som må lærast, så ver litt tolmodig. Men er du sikker på at du vil studere noko anna, kan du søke om å byte studieprogram. Skaff deg først informasjon om studieprogrammet du ønsker å skifte til og snakk med ein rettleiar.

Utforsk utdanningsvala dine

Verktøy for å velje utdanning

Du kan prøve fleire testar som kan hjelpe i utdanningsvalet ditt:

På Karriereveiledning.no kan du få hjelp med å finne ei utdanning som passar for deg:

Kva seier tidlegare NTNU-studenter?

Kva seier tidlegare NTNU-studenter?

NTNUs kandidatundersøking har tusenvis av tidlegare studentar gitt si vurdering av eiga utdanning og korleis dei har opplevd overgangen til arbeidslivet. Her kan du mellom anna finne svar på:

  • er kandidatane våre nøgde med utdanninga si?
  • kvar finn dei jobb etter utdanninga?
  • korleis opplever dei overgangen til arbeidslivet?
  • har utdanninga gjort dei kvalifiserte og attraktive i arbeidslivet?

Sjekk nettportalen for å sjå kva tidlegare studentar frå kvart studieprogram meiner. 

NTNUs kandidatundersøking