Navigasjon

  • Hopp til innhold
NTNU Hjemmeside NTNU Hjemmeside

KARMA

  • Studier
    • Studere på NTNU
    • Finn studieprogram
    • Søke opptak
    • Videreutdanning og deltid
    • Forkurs og oppfriskning
  • Studentliv
    • Student i Gjøvik
    • Student i Trondheim
    • Student i Ålesund
  • Forskning og innovasjon
    • Forskning
    • Innovasjon
    • Satsingsområder
    • Toppforskning
    • Ekspertlister
    • Ph.d.
  • Om NTNU
    • Fakulteter og institutter
    • Sentre
    • Bibliotek
    • Kart
    • Ledige stillinger
    • Arrangement
    • Nyheter
    • Kontakt oss
    • Om NTNU
  1. KARMA
  2. Verktøy
  3. Refleksjonscasar

Språkvelger

Refleksjonscasar

×
  • KARMA
    • Kva, kvifor og korleis?
    • Handlingsplan
    • Fokusområde
    • Verktøy
      • Kartleggingsworkshop
      • Observasjon
      • Kvalitativt spørjeskjema
      • Refleksjonscasar
    • Informasjonsvideoar
    • Ressursar
MENY

Refleksjonscasar

Refleksjonscasar

Refleksjonscasar


I eit mangfaldig arbeidsmiljø vil det være ulike synspunkt, haldningar og perspektiv på ulike tilfelle som kan dukke opp i eit fagmiljø. Det kan hjelpe for leiarar og tilsette å bli kjend med korleis kollega ville reagert på/forholdt seg til ulike arbeidsmiljøsituasjonar.

Det vil også hjelpe leiarar med og utan personalansvar å være førebudd på korleis man ville takla ein bestemt situasjon, og ha fått andre synspunkt allereie før man står i det sjølv og må tenke raskt for å løyse ein ubehageleg situasjon på best mogleg måte. Dette være seg om mikroaggresjonar, humoristiske kommentarar eller maktdynamikkar. Vi har derfor utforma nokon tenkte refleksjonscasar for å undersøke korleis folk ville ha tilnærma seg ein spesiell situasjon. Casane er fiksjonelle men basert på empirisk forsking frå fagmiljø i norsk akademia.

Vi anbefaler at casene brukast i forskingsgrupper/instituttsamanheng for å stimulere til gruppesamtale og refleksjon. Vi har laga forslag til casar basert på forsking som er klare til å brukast, men vi oppfordrar også til å lage eigne casar basert på lokal situasjon.

Å la grupper diskutere slike tiltenkte casar har fleire moglegheiter.

Case 1: I eit møte blir ein professor bedt om å fortelje frå ein vitskapeleg konferanse hen nettopp har deltatt på saman med ein ph.d.-stipendiat, der stipendiaten hadde ein presentasjon. Professoren snakkar mykje om sitt eige bidrag og deira eigen oppleving og nemnar ikkje stipendiaten. Stipendiaten er i rommet men forhold seg taus.

Diskusjonsspørsmål:

  • Korleis vil du beskrive denne situasjonen?
  • Kva konsekvensar kan dette få?

Case 2: Ein kollega kjem med følgjande kommentar: “Eg har ingenting imot folk som er skeive, så lenge dei held det for seg sjølv, men eg skjønar ikkje denne ‘trans-tingen’. Eg trur det berre er ein trend, eller dei er forvirra.” Det dei ikkje veit er at det er nokon i rommet som har ein ikkje-tradisjonell kjønnsidentitet, som dei legg skjul på når dei er på jobb.

Diskusjonsspørsmål:

  • Kva handlar det som skjer om?
  • Kva er dei ulike perspektiva som er relevante i denne situasjonen?
  • Kva konsekvensar kan dette få?

Case 3: Ein mannleg internasjonal forskar som er veldig flink til å dra eksterne midlar og har fleire stipendiatar og postdoktorar knytt til sine prosjekt kjem fleire gonger med nedsettande kommentarar om kvinner i akademia. Dette har gjort fleire kvinnelege stipendiatar og postdoktorar ukomfortable, og det går negativt ut over både deira progresjon og arbeidsmiljøet.

Diskusjonsspørsmål:

  • Kva føregår her? Korleis vil du beskrive denne situasjonen?
  • Kva kunne vært gjort for at det gjekk annleis?
  • Kva trur du vil skje vidare?
  • Kva konsekvensar kan dette få?

Case 4: Under eit møte for heile instituttet har nokon frå fakultetet blitt bedt om å kome for å forklare eit nytt administrativt system. Dette er eit tema som er relevant for alle tilsette. Når møtet begynner er det klart at dei som skal presentere har førebudd presentasjonen på norsk, enda fleire tilsette på instituttet ikkje behersker norsk. Og på forespørsel seier dei at dei ikkje er komfortable med å spontant halde presentasjonen på engelsk.

Diskusjonsspørsmål:

  • Korleis vil du beskrive denne situasjonen?
  • Kva er dei ulike perspektiva på det som føregår i denne situasjonen?
  • Kva konsekvensar kan dette få?

Case 5: I eit forskingsgruppemøte ber møteleiar om innspel til ein sak. Nokon frå ein minoritetsgruppe kjem med eit forslag, som ikkje blir plukka opp. Litt seinare kjem ein anna person med det same forslaget men formulert litt annleis, og forslaget blir då fulgt opp.

Diskusjonsspørsmål:

  • Kva har skjedd her?
  • Kva ville du gjort om du var i denne situasjonen?

Case 6: Ein muslimsk kollega har tatt med seg lunsj til felles lunsjrom. Ein eldre kollega spøker: “Spiser du mat midt på dagen, er det ikkje Ramadan? Skam deg”. Det blir ein pinleg pause i rommet. Kollegaen smiler men responderer ikkje meir.

Diskusjonsspørsmål:

  • Korleis tolkar du denne situasjonen?
  • Kva er dei uilke perspektiva på det som føregår?
  • Kva konsekvensar kan dette få?

Case 7: Eit instituttmøte blir arrangert med møteplan på engelsk. Ein kollega tar ordet og snakkar på norsk, og diskusjonen fortsett då på norsk. Du merker at kollega som ikkje er så stødige i norsk blir stille og ikkje deltar i diskusjonen.

Diskusjonsspørsmål:

  • Kva handlar det som skjer om?
  • Kva trur du vil skje vidare?
  • Kva er nokon strategiar for dei som sit i møtet?

Når du bruker KARMA verktøya, er det høg sannsynlegheit for at språk vil dukke opp som eit aktuelt tema.

Under får du presentert nokon forskingsbaserte tema som du kan være bevisst på når det gjeld språk i kartlegginga:

NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

  • For ansatte
  • |
  • For studenter
  • |
  • Innsida
  • |
  • Blackboard

Studere

  • Om studier
  • Studieprogram
  • Emner
  • Videreutdanning
  • Karriere

Aktuelt

  • Nyheter
  • Arrangement
  • Jobbe ved NTNU

Om NTNU

  • Om NTNU
  • Bibliotek
  • Strategi
  • Forskning
  • Satsingsområder
  • Innovasjon
  • Organisasjonskart
  • Utdanningskvalitet

Kontakt

  • Kontakt oss
  • Finn ansatte
  • Spør en ekspert
  • Pressekontakter
  • Kart

NTNU i tre byer

  • NTNU i Gjøvik
  • NTNU i Trondheim
  • NTNU i Ålesund

Om nettstedet

  • Bruk av informasjonskapsler
  • Tilgjengelighetserklæring
  • Personvern
  • Ansvarlig redaktør
Facebook Instagram Linkedin Snapchat Tiktok Youtube
Logg inn
NTNU logo