Kartleggingsworkshop
Kartleggingsworkshop
Kartleggingsworkshop
Kartleggingsworkshop
Mange institutt har regelmessige samlingar, seminar eller møter med fokus på strategisk utvikling og arbeidsmiljø. Arbeidet med likestilling og inkludering kan med fordel koplast til etablerte arenaer og forankrast i kunnskap om den lokale situasjonen.
Vi foreslår her kartlegginsworkshop.
Dette er eit verktøy som har som mål å: auke bevisstheita blant tilsette, gi eigarskap til arbeidet med å identifisere maktmønstre og prosessar av ekskludering på arbeidsplassen og formulere spesifikke og gjennomførbare steg mot inkludering. Metoden er basert på forsking som viser at det er viktig å tilpasse tiltak til lokal kontekst.
Kartleggingsøvingane som inngår i workshopen gir ein oversikt over den eksisterande situasjonen i ein organisasjon, gir innsikt i pågåande utfordringar, kven som blir påverka og korleis. Dette banar vegen for å velje fokusområde og utvikle handlingsplanar.
Workshops
Vi har laga eksempel på ein presentasjon med foreslått innhald, som du kan finne her:
I tråd med framkallingsmodellen er workshopmetoden basert på å identifisere mønster. Mønster i organisasjonar refererer til ulike praksisar som påverkar oss på ulike måtar.
Vi foreslår fire gruppeoppgåver, der dei tre første sikter mot å kartlegge no-situasjonen i form av 1) fysiske og materielle strukturar, 2) samhandlingsmønstre, 3) sosiale koder og signaler. Basert på desse tre kartleggingsøvingane er den siste gruppeoppgåva retta mot å 4) vurdere konsekvensar og effektar av mønstra det er satt ord på i kartleggingsøvingane 1-3.
Får nokon fordeler av eit mønster? Er det til ulempe for andre? Er det omsyn som ikkje takast? Ut frå felles refleksjon og oppsummering kan ein i fellesskap velje tiltak for endring ut frå kartlegginga. Det er viktig å understreke at kartlegginga skal vere mest mogleg deskriptiv, og ikkje evaluerande – spar vurdering til siste runde!
I praksis kan det opplevast som vankeleg å skilje mellom dei ulike tema i kartlegging 1-3. Dette er ingen problem, då kartleggingsøvinga i sum vil gi eit godt bilete.
Opplegget vi skisserer her baserer seg på fysisk oppmøte med bruk av post-its, men opplegget kan også gjennomførast anten heildigitalt eller ved bruk av digitale verktøy, som for eksempel Miro boards, padlets eller liknande.
Gruppearbeid
Tenk over samansetting i gruppene: Skal deltakarane velje dette sjølv eller er det formålstenleg å dele inn etter fellestrekk for eksempel basert på alder, stilling, kjønn eller andre faktorar?
Gruppene skal arbeide på fire ulike oppgåver, følgt av ein plenumsøkt til slutt. Opplegget begynn med ei deskriptiv kartlegging av strukturelle mønster, og sluttar med ein individuell evaluering av mønster og ein gruppediskusjon.
Gruppeoppgåvene bør gjennomførast stegvis, der kvart tema kartleggast og oppsummerast skriftleg, for eksempel ved hjelp av post it lappar. Samle post-it lappar mellom kvart steg og gjer dei tilgjengeleg på tvers av gruppene.
Når man skriv ned post- it lappar frå diskusjonen, sørger man for å få kartlagt så mange stemmer og perspektiv som mogleg, også dei som ikkje kjem fram under plenumsdiskusjonen. Målet med skriftleg oppsummering er å få fram og kartlegge så mange stemmer og perspektiv som mogleg; det er ikkje nødvendig å etablere konsensus i gruppa.
Oppgåve 1: Kartlegging av strukturelle mønster
Den første oppgåva består av deskriptiv kartlegging av strukturelle forhald på arbeidsplassen.
Strukturelle mønster kan være alt som er bygd inn i organisasjonar, eller standardprosedyrar på arbeidsplassen. Vi kan ofte finne dei ved å telle. Spørsmål gruppa kan diskutere er:
- Korleis blir arbeid, som undervisning og rettleiing, distribuert? Korrelerer dette med identitetskategoriar?
- Korleis blir makt og statusposisjonar fordelt, og korrelerer dette med identitetskategoriar?
- Kva støttefunksjonar er tilgjengeleg for påmønstring, søknadar og sjukdom?
- Korleis er dei fysiske strukturane som bygningar, kontorrom, fellesrom osv.?
Oppgåve 2: Kartlegging av samhandlingsmønster
Kartlegging av samhandlingsmønster handlar om å sjå nærare på kven som samhandlar, korleis og kor samhandling går føre seg. Til dømes kan det dreie seg om korleis forskargrupper fungerer i praksis, korleis prosjektutvikling kjem i stand og liknande.
Eksemplar på spørsmål som kan stilles er:
- Kven samarbeider med kven, og om kva?
- Kva sosiale arena finnast? Kven blir invitert, og kven møter opp?
- Kva kommunikasjonskanalar blir brukte, og kven brukar dei?
- Korleis er folk gruppert saman?
- Kva språk blir brukt, og kor?
Oppgåve 3: Kartlegging av signalmønster
Dette mønsteret er litt meir abstrakt. Det går ut på at vi sender signal til kvarandre, bevisst og ubevisst, gjennom visuelle og verbale handlingar, narrativ og representasjonar. Vi kler oss opp til konferansar for å signalisere profesjonalitet, vi signaliserer at alle er velkomne gjennom å sende invitasjonar til eit sosial arrangement til heile instituttet. Signal blir fortolka, og tolkinga kan variere. Signal kan også ha ulike betydningar i ulike kontekstar.
Sørg for at post-it lappane inkluderer det mønsteret signalet er ein del av.
Eksempel på spørsmål:
- Korleis signaliserer man profesjonalitet?
- Er det reglar for etikette på arbeidsplassen? Er desse implisitte eller eksplisitte?
- Kva er signala for at nokon er velkomne?
- Korleis signaliserer vi at vi høyrer til visse grupper, eller fagområde?
- Kven er den typiske representative for ei gruppe?
Oppgåve 4: Velje handlingar
I denne fasen tilbringar deltakarane litt tid individuelt på å studere dei oppsamla post-it lappane, og noterer seg mønster som skil seg ut for dei. Målet med denne øvinga er å begynne å reflektere rundt konsekvensane av mønstra som har blitt kartlagt så langt.
Eksempel på spørsmål:
- Kva er konsekvensane av mønstra du kan identifisere, og for kva grupper?
- Er det nokon uheldige konsekvensar som kan skape ulikskap?
- Kva kunne vært eit meir ønska mønster?
- Har du nokon idear for korleis endre mønstra?
- Er det nokon mønstre vi burde behalde? Korleis kan vi styrke dei?
Deltakarar returnerer til sine grupper og diskuterer mønstra dei har identifisert.. Saman vel dei ut tre mønstre kvar som burde bli adressert for å forbetre mangfald eller inkludering generelt på arbeidsplassen. Om mogleg, gi forslag for løysingar eller alternative mønstre. Noter desse mønstra ned på ein post-it.
Fellesdiskusjon
Kvar gruppe presenterer to eller tre hovudbodskap frå gruppa.
Oppsummering
- Del relevante ressursar og informasjonskanalar. Dette kan være for påmønstring, varsling, språklæring, bedriftshelsetenester osv.
- Oppmuntre deltakarar til å skrive tilbakemeldingar på post-its og legge dei på bordet der post-it lappar blir samla/henge dei på døra på veg ut
- Om relevant, oppmuntre folk som er interesserte i å bidra til oppfølging til å kontakte dei som koordinerer workshopen.
Oppfølging
Workshopen i seg sjølv bidrar til auka bevisstheit blant deltakarar, men det er viktig å følgje opp funna og ha ein pågåande diskusjon rundt mangfald og inkludering.
Mønster som blir gjort synlege under workshopen kan variere i størrelse og alvorsgrad. Små og spesifikke mønster kan bli takla av tilsette, medan arbeidet for andre tema ligg hos leiarskapet på instituttet. Kunnskap om situasjonen som blir kartlagt kan være eit godt grunnlag for å begynne arbeidet med arbeidsmiljø, eller for lokale handlingsplanar for mangfald, som blir beskrive under fokusområde.
Her er nokon spesifikke forslag for å følgje opp denne metoden:
- Diskuter mønster og løysingar frå oppgåve 4 i leiargruppa. Er det mønster som kan bli takla med ein gong, eller nokon som krevjar nærmare undersøking?
- Arbeid med post-it lappane og identifiser tema. Tema som gjentar seg kan indikere at dei opplevast som viktige
- Undersøk nærmare dei mønstera som har dukka opp under workshopen