Observasjon
Vegleiing til observasjon
Vegleiing til observasjon
Framkallingsprosessar- for eit skarpt blikk for forandring
Normer og kultur skapast gjennom at folk i organisasjonar samhandlar, skapar rutinar, støtter, forsterkar eller repeterer ei bestemt ordning. For å få auge på fenomen i ein organisasjonskultur, er nysgjerrigheit og ei utforskande tilnærming viktig hjelp.
Prosessmodellen har fokus på kollektive læringsprosessar og forandringsleiing. Modellen bygg på at initiativ, handlingar og kunnskap skapast i møte mellom teori og praksis. Tre ulike, og til dels samanveva prosessar pregar dette forandringsarbeidet: framkalling av innsikt, mobilisering til endringsvilje og faktisk forandring. Arbeid ut ifrå prosessmodellen krev ei dedikert gruppe som går saman om felles undersøking og utprøving.
Framkalling inneber at deltakarane observerer sitt lokale organisasjonsmiljø, og samtidig fordjupar seg i kjøn- og mangfaldsteori og forsking- som gir eit rammeverk for å skape meining og forståing.
Mobilisering handlar først og fremst om å bruke dei innsiktene som kom fram under framkallingsprosessen: for å sette mål, velje ut strategiar og bygge motivasjon for forandring.
Forandring består av eit praktisk endringsarbeid der nye handlingsmønster prøvast ut og etablerast.
Korleis framkalle innsikt?
Vel noko som dykk vil forstå meir om og er nysgjerrige på. Det er ofte fenomen som blir tatt for gitt i eit arbeidsmiljø, og å bli oppmerksam på det som blir tatt for gitt krevjar nysgjerrigheit. Tren din evne til å bruke kjønnsbriller/mangfaldsbriller og ver nysgjerrig på normer og mønstre. Både formelle og uformelle møter er ofte takknemlege å studere. Korleis folk sitter, kva dei seier, korleis det seier det og til kven kan gi viktig innsyn i kva som blir tatt for gitt i ein organisasjon og gje grunnlag for å reflektere over kva konsekvensar dette kan ha for forskjellige grupper av tilsette.
Eksempel på arenaer som kan observerast:
- Møter
- Lunsjrommet
- Andre fellesaktivitetar
Eksempel på ting man kan sjå etter:
- Kroppsspråk
- Kven tar plass/ kven får plass?
- Fordeling av taletid
- Kven blir lytta til?
- Kva seiast- og kva seiast ikkje?
- Hersketeknikkar
- Ulike formar for maktstrukturar. Konseptet er utvikla av Berit Ås, ein norsk sosialpsykolog. Dei ulike hersketeknikkane er: Usynleggjering, latterleggjering, tilbakehalding av informasjon, dobbel straff, påføring av skuld og skam, objektivering av menns og kvinners kroppar, og vald eller trugsel om vald. For meir informasjon, sjå for eksempel her: De fem hersketeknikker | Kilden
Prosessmodellen for forandingsleiarar
Steg 1: Framkalling
- Observer, vær nysgjerrig, undersøk og prøv å forstå
- Observasjonar i ditt eiga miljø
- Identifiser mønster frå observasjonane dine
- Kunnskap om kjøn og ulikskap langs andre dimensjoner som til dømes etnisitet eller funksjonsvariasjon.
- Analyse og refleksjon
Steg 2: Mobilisering
- Reflekter over konsekvensar av mønster du har sett
- Samle energi og retning for endring
- Problemformulering basert på det som har komen fram i kartlegginga
- Mål/ Handlingsplanar
- Utfordre det som har blitt tatt for gitt
Steg 3: Forandring
- Ta initativ til å utvikle nye måtar å jobbe på som støtter likestilling og mangfald
- Etabler nye handlingsmønster
- Djupare kunnskapar om kjøn
- Lær om motstand og forandring
- Etabler forandring
Under får du ein introduksjon til Prosessmodellen, ein forskingsbasert tilnærming til kulturendring. Denne modellen gir nokon verktøy for tre steg: Observasjon/framkalling, mobilisering og forandring, som du kan bruke i ditt fagmiljø: