Kunnskaps- og praksisutvikling i sosialt arbeid (KUPSA)

Kunnskaps- og praksisutvikling i sosialt arbeid (KUPSA)

Tre mennesker står ved et bord og ser på en PC. foto.
Foto: Elin Iversen/NTNU

Kunnskapsutvikling for yrkesutøving i praksis er i fokus i forskingsgruppa Kunnskaps- og praksisutvikling i sosialt arbeid (KUPSA). Forskinga skjer i tett samarbeid mellom brukarar, praksisfelt, utdanning og prosjektgrupper. Problemstillingar knytt til sosiale tenester er ein sentral del av forskinga. Det omfattar studiar av sosiale problem, årsakane til dei, og konsekvensar på individ-, gruppe- og samfunnsnivå. Dei sosiale tenestene har ein sentral rolle i samfunnets intervensjonar for å handtere og løyse sosiale problem. Her aktualiserast forhold knytt til tiltak for å betre situasjonen for enkeltindivid, familiar og grupper, så vel som sosialpolitiske spørsmål og spørsmål om organiseringa av dei sosiale tenestene.

Følgende tema er sentrale på området:

  • Brukerperspektiv og brukermedverknad
  • Sosiale tjenester
  • Praksisforsking
  • Sosialpolitikk og sosialt arbeid
  • Kritisk sosialt arbeid
  • Utdanningforskning i sosialt arbeid
  • Teoretisering av sosialt arbeid
  • Digitaliering
  • Sosialt arbeids historie

Nettverk

Nordplus - Network Knowledge production in social work

Foreningen for Forskning i Sosialt Arbeid i Norge (FORSA-Norge)

The European Social Work Research Association (ESWRA)

European network in Sense and Sensibility in Social Work with Families and Children

NORWEL forskarskule i sosialt arbeid og barnevern

NORWEL forskarskule i sosialt arbeid og barnevern

I samarbeid med UiT driv Institutt for sosialt arbeid, NTNU forskarskulen NORWEL - Noregs første forskarskule i sosialt arbeid og barnevern. NORWEL vil støtte ph.d.-studentar i å utvikle forsking med høg relevans for politikk og praksis innanfor sosialt arbeid og barnevern. Dei ulike læringsaktivitetane og nettverksmoglegheitene som vert tilbydd gir eit solid grunnlag for ein vidare karriere innan akademia eller i ei anna stilling som krev høg kompetanse. NORWELs fagmiljø består av både erfarne og yngre forskarar som vil bidra til å utvikle innovasjonsdrevet forsking av høg kvalitet.

Les mer om forskarskulen.