Om instituttet - Institutt for pedagogikk og livslang læring
Strategi for Institutt for pedagogikk og livslang læring (IPL) 2026-2035
Institutt for pedagogikk og livslang læring (IPL) ved NTNU er eit tverrfagleg fagmiljø som utdannar studentar og ph.d.-kandidatar og utviklar kunnskap innan pedagogikk, spesialpedagogikk, universitetspedagogikk, rådgjevingsvitskap, barneforsking og læring i arbeidsliv og samfunn. Vi tilbyr utdanningar som spenner frå bachelor- og masterprogram til vidareutdanningar og forskarutdanning på ph.d.-nivå, og vi driv forsking som famnar breitt – frå grunnforsking til praksisnær og anvend forsking. Verksemda vår er forankra i eit humanistisk menneskesyn og eit samfunnsoppdrag som handlar om å fremje kritisk refleksjon, danning og demokratisk deltaking.
Visjon: Kritisk, nysgjerrigheitsdriven kunnskap for eit inkluderande og demokratisk samfunn
Ved IPL skal kunnskap bidra til å styrkje mennesket si evne til å forstå, delta i og forme samfunnet. Vi skal vere eit institutt som fremjar fagleg nysgjerrigheit, kritisk tenking og livslang læring – i utdanning, forsking og formidling. Visjonen vår er å vere ein aktiv og ansvarleg samfunnsaktør som utviklar kunnskap i dialog med studentar, kollegaer lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og samfunnet rundt oss.
Ambisjonar
Forsking: Fri, mangfaldig og samfunnsrelevant
Forskinga ved IPL er fri, driven av fagleg nysgjerrigheit og eit mangfald av perspektiv, metodar og tema. Vi vernar om akademisk fridom og sikrar rom for både grunnforsking, praksisnær og anvend forsking, korte og langsiktige prosjekt. Perspektivmangfald og ueinigheitsfellesskap er ein styrke og ei drivkraft for fagleg utvikling. Vi legg til rette for fordjuping, tverrfaglegheit og samarbeid med eksterne aktørar, og at forskarane har tid og støtte til å forske.
Vi er eit aktivt forskingsmiljø der kunnskap blir utvikla og delt lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi skal styrkje internasjonalt samarbeid og partnarskapsdriven forsking. Stipendiatar og postdoktorar er ein integrert del av forskingsmiljøet. Vi formidlar forskinga vår breitt, til ulike målgrupper og i ulike format.
Utdanning: Eit inkluderande og kritisk læringsmiljø
IPL tilbyr utdanning som fremjar fagleg fellesskap, kritisk refleksjon og danning. Undervisninga er prega av dialogbasert pedagogikk, tryggleik og rom for ulike perspektiv og erfaringar. Vi legg til rette for deltaking og initiativ frå studentane. Ved IPL har vi variert undervisning, rettleiing og vurdering.
Instituttet fremjar studentane sin faglege identitet og tilhøyrsle og oppmodar studentar og tilsette til å stille spørsmål, utfordre etablerte sanningar og stå i samtidige uvisse. Vi bidreg til at studentane er rusta til å delta i arbeids- og samfunnsliv, samt samfunnsdebatten, med etisk og kritisk vurderingsevne. Utdanningane våre bidreg til historiebevisstheit, samfunnsforståing og medborgarskap. Studentane har erfaring med bruk av ulike former for teknologi i undervisning og læring og har eit medvite forhold til bruk av teknologi. Det er ein tydeleg samanheng mellom fag, arbeidsliv og samfunn. Instituttet fremjar studentane si involvering i forsking og samskaping av kunnskap, og vi oppmodar studentar og stipendiatar til å delta i formidlingsarbeid.
Korleis lukkast vi?
For å realisere ambisjonane våre må vi byggje eit romsleg, sterkt fagleg og sosialt fellesskap. Identiteten ved IPL blir forma gjennom menneske, faglegheit og samhandling. Vi prioriterer å skape arenaer for å bli kjende med faglegheita til kvarandre, og å utvikle ein kultur prega av nysgjerrigheit, respekt og meiningsmangfald. Medverknad frå tilsette og studentar i avgjerdsprosessar må ivaretakast. Vi vil vere opne og involverande.
For å lukkast med ambisjonane våre for både utdanning og forsking treng vi strukturelle og faglege rammer som fremjar utdanning og forsking av høg kvalitet. Det inneber tid, rom, møteplassar, midlar, gode arbeidsvilkår samt samlokalisering av IPL sine tilsette, inkludert administrasjonen. Administrasjonen er tett kopla til fagmiljøet og støttar dei vitskapleg tilsette i å nå måla sine.
Strategien skal vere eit styrande dokument som blir følgt opp i arbeidskvardagen. Han skal inspirere til handling og vere eit felles utgangspunkt for vidare utvikling av IPL som eit inkluderande, nysgjerrigheitsdrive og samfunnsengasjert institutt.
Kontakt IPL
Tilsette
Om oss
kontakt@ipl.ntnu.no
73 59 19 50
48 04 88 26 kontorsjef Wenche S. King
Ledige stillingar
Besøksadresse
Loholt alle 83-85
Paviljong A/B
Dragvoll campus
Postadresse
NTNU,
Institutt for pedagogikk og livslang læring
Postboks 8900, Torgarden
7491 Trondheim
Studierettleiing
Ta kontakt med studierettleiarane ved instituttet