Normprosjektet

Forskning – Institutt for lærerutdanning

Normprosjektet

Prosjektet Developing national standards for the assessment of writing – a tool for teaching and learning («Normprosjektet», 2012–2016) har som mål å bidra til å styrke den forskingsbaserte kunnskapen om skriveopplæring og vurdering av skriving i grunnskulen. I tett samarbeid med lærarar frå heile landet har forskarane i første fase av prosjektet utvikla såkalla forventningsnormer, som seier noko om kva det er rimeleg å forvente av elevane si skriving etter 4 og 7 års opplæring. Forventningsnormene, saman med eit funksjonelt syn på skriving, har danna grunnlag for ein stor intervensjonsstudie der 20 skular har integrert desse i arbeid med skriveopplæring og vurdering i alle fag.

Forskargruppa har vidare følgt skulane gjennom to år og undersøkjer kva effekt den nye opplærings- og vurderingspraksisen har på elevane si skriveutvikling og lærarane sin vurderingskompetanse. Eit omfattande kvantitativt og kvalitativt materiale som både dokumenterer elevane si skriving og lærarane sin vurderingspraksis, er henta inn. Analysane viser at elevane i løpet av prosjektperioden skriv meir i alle fag og betrar skrivekompetansen sin tilsvarande 1–2 skuleår med ekstra undervisning. Lærarane utviklar ei felles forståing av skriving og vurdering, samtidig som det på dei ulike prosjektskulane blir skapt gode arenaer for fagleg dialog og kompetanseutvikling.   

Prosjektet er eit samarbeid mellom forskarar frå fleire fag og fleire institusjonar: NTNU, Skrivesenteret, Universitetet i Oslo og Universitetet i Agder. Prosjektet er finansiert av NFR under programmet UTDANNING2020/FINNUT. Leiar er Synnøve Matre og nestleiar Randi Solheim, begge frå Institutt for lærarutdanning, NTNU.