Bakgrunn og aktiviteter

Eg jobbar som forskar ved Institutt for tverrfaglige kulturstudier, og leier forskingsområde 1 om djup avkarbonisering og breie samfunnsendringar i FME NTRANS - Norwegian Centre for Energy Transition Strategies. I tillegg leier eg arbeidspakke 4 om "Transforming meat-use in Norwegian food practices" i MEATigation-prosjektet (NFR 2020-2024), som går ut på å utforske korleis kjøtt er vevd inn i norske matpraksisar, og å finne måtar å fremje berekraftig kjøttbruk i Noreg.

Mellom mai 2016 og februar 2020 var eg postdoktor tilknytta Forskningssenter for nullutslippsområder i smarte byer (FME ZEN ) og Senter for berekraftige energistudier (FME CenSES). Prosjektet handla om rollen til "prosumentar" og nye former for energibruk i lågenergibygg og områder. Eg nytta eit internasjonalt perspektiv, og forska på prosumentar i urbane bustader/områder i Noreg og Kina. I løpet av postdoc-perioden skreiv eg boka "Wind and Solar Energy Transition in China".

Tidlegare har eg forska på korleis nullutlsleppsbygget ZEB Living Lab vart tatt i bruk av ulike grupper menneske. Living Lab, som står ved Perleporten på Gløshaugen, er ein einebustad som er bygt for å demonstrere korleis eit CO2-nøytralt bygg kan bli realisert i norsk klima. Bygget er designa for å utføre eksperimentelle undersøkingar på ulike nivå, slik som tekniske og energimessige utfordringar, eller samspelet mellom brukarar og lavenergibygg.

I 2015 forsvarte eg avhandlinga med tittelen 'Chinese Renewable Struggles. Innovation, the Arts of the State and Offshore Wind Technology'. Avhandlinga hadde eit teknologi-, innovasjon- og samfunnsperspektiv, og undersøkte korleis havvindindustrien i Kina utvikla seg, korleis kinesiske aktørar lærde frå vestlege aktørar, og kva rolle dei kinesiske myndigheitene spela i industriutbygging og innovasjon.

Faglege interesser

  • Innovasjon
  • Energi- og klimaomstilling
  • Forbruk
  • Energibruk
  • Solkraft
  • Vindkraft - offshore og onshore
  • Kina
  • Delingsøkonomi
  • Kjøttkonsum og berekraftig landbruk
  • Improteater og forskingsformidling

Bakgrunn

B.A. i Internasjonale Studier, Universitetet i Oslo (2009)
Tittel på oppgåva: "Kaffi, konkurranse og koloni - Ei samanlikning av den økonomiske utviklinga til Costa Rica og Nicaragua"

B.A i Historie, Universitetet i Oslo (2011)
Tittel på oppgåva: "Nyttig kunnskap i aust og vest - Kan omgrepet nyttig kunnskap gjere oss klokare på globalhistorie?"

M.Phil. i Culture, Environment and Sustainability (2012)
Tittel på oppgåva: "The Growth of a Green Industry - Wind Turbines and Innovation in China"
Link: https://www.duo.uio.no/handle/123456789/32635

Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid

Et utvalg av nyere tidsskriftspublikasjoner, kunstneriske produksjoner, bok, inklusiv bokdeler og rapport-del. Se alle publikasjoner i databasen

Tidsskriftspublikasjoner

Bøker

Del av bok/rapport

  • Efstathiou, Sophia; Korsnes, Marius; Gabrielsen, Ane Møller; Finstad, Terje; Giæver, Fay; Driessen, Clemens; Hansen, Arve; Wethal, Ulrikke Bryn. (2019) lnvestigating the elasticity of meat consumption for climate mitigation: 4Rs for responsible meat use. Sustainable governance and management of food systems.
  • Korsnes, Marius. (2016) Kina tar vinden i bruk. Kinas grønne revolusjon. Hva skjer på klima- og energifeltet i Kina - og hvorfor?.
  • Woods, Ruth; Berker, Thomas; Korsnes, Marius. (2016) Making a home in Living Lab: the limitations and potentials associated with living in a research laboratory. Proceedings of the Demand Centre Conference 2016 [online articles].

Rapport/avhandling