Forskningsdager i Ålesund
Forskingsdagane i Ålesund
Forskingsdagane i Ålesund
Dette er ein landsdekkande festival som gjennomfører mange fine arrangement der målet er å skape begeistring, entusiasme og forståing for forsking. I 2025 blir arrangementet igjen i september. Denne gongen er TRYGGLEIKdet nasjonale temaet.
Program 2025
Vi fyller på med arrangement. Dette er klart:
17. september (onsdag)
Forsking for unge
Om søvn, digital sporing og digitalt utenforskap med forskarklassene frå Ålesund vgs. og Framtidslaben.
Stad og klokkeslett: Foajeen Parken Kulturhus, 12.00 til 13.30.
Invitasjon: Er sendt ut til dei aktuelle skulane.
Hovudmålgruppe: Skuleelevar i ungdomsskulen og vgs.
Arrangør: Ålesund vidaregåande skule, Framtidslaben, NTNU.
Detaljer: Se egen nettside Forskning for unge: Om søvn, digital sporing og digitalt utenforskap - NTNU
17. – 23. september
Vandreutstilling SINTEF 75 år
I 2025 er det 75 år sidan forskingsstiftinga SINTEF vart oppretta. I tett samarbeid mellom næringsliv, NTNU og andre og forskingsmiljø har SINTEF løyst store utfordringar for norske bedrifter og samfunnet som heilskap. Her får du innblikk i nokre av de mange tusen prosjekta som er/blir utført.
Stad og klokkeslett: Ankeret - NTNU i Ålesund. Detaljar kjem.
Hovudmålgruppe: Studentar og vaksne.
Arrangør: SINTEF i samarbeid med NTNU i Ålesund.
Detaljar: Sjå nettside om jubileumet. 75 år med teknologi for et bedre samfunn - SINTEF
19–26. september
Kjemifestival
Lær noko nytt gjennom våre opne foredrag!
Stad og klokkeslett: Atlanterhavsparken Vitensenter. Detaljar kjem.
Hovudmålgruppe: Studentar og vaksne.
Arrangør: Institutt for biologiske fag ved NTNU i Ålesund i samarbeid med Atlanterhavsparken Vitensenter. Støtta av Sparebanken Møre.
Detaljar: Lista med opne foredrag kjem på eiga nettside som vi legg inn her.
26. september (fredag)
Researchers' Night for vgs.
Elevar frå vidaregåande skular er inviterte til Researchers’ Night der dei møter forskarar, studentar og tilsette og får teste fenomen og aktivitetar knytta til forsking og naturvitskap.
Døme på aktivitetar: Prøve, teste, lage, smake, mekke, overraske, begeistre og glede.
Stad og klokkeslett: Atlanterhavsparken Vitensenter, 18.00 til 21.00.
Invitasjon: Er sendt ut til dei aktuelle skulane.
Transport: Buss frå Moa. Rutebilstasjonen i sentrum av Ålesund og retur frå Atlanterhavsparken.
Hovudmålgruppe: Elevar ved vidaregåande skular på Sunnmøre. Invitasjonar blir sendt ut med detaljar om skyss osv.
Arrangør: Atlanterhavsparken vitensenter, med bistand frå blant andre NTNU i Ålesund, Møreforsking, SINTEF og Helse Møre og Romsdal HF.
VI FORLENGAR FORSKINGSDAGANE MED:
2. oktober (torsdag)
Påfyll
Tema kjem i august/september!
Stad og klokkeslett: Foajeen Parken Kulturhus (tidlig kveld).
Detaljar: Sjå nettsida Påfyll (pop.vit.arr.) til NTNU
Hovudmålgruppe: Alle over 18 år.
ANDRE ARRANGEMENT PÅ CAMPUS I ÅLESUND I PERIODEN:
17. september (onsdag)
Den Maritime Klyngekonferansen 2025
Tema for årets konferanse er "Maritim kompetansekraft." Sjå program på eiga nettside.
30. september (tirsdag)
Open dag, NTNU i Ålesund, for elevar, skoleklasser og andre
Vi ynskjer elevar, skuleklasser, rådgivarar, lærarar og andre interesserte velkomne til open dag. Sjå program på eiga nettside.
Sjå også om dei nasjonale Forskningsdagane på nettsidene til Forskningsrådet.