IT-avdelingen - Skal du besøke oss?
Skal du besøke oss?
Skal du besøke oss?
IT-avdelinga har kontor i Sluppenvegen 12 B og C. Hit kjem du med bil, buss og sykkel. Du finn gjesteparkering, parkering for elbil og eigen sykkelparkering utanfor bygget.
Parkering
Gjesteparkering
Som gjest kan du nytte ein av parkeringsplassane våre når du besøker oss.
På førehand ber vi deg om å sende ein e-post med bilen sitt registreringsnummer og ditt mobilnummer til den du skal besøke. Be hen om å legge deg inn i systemet. Hen du skal besøke er ansvarleg for å gje deg parkering.
Du kan parkere utanfor Sluppenvegen 12 B og C.
Er det ikkje ledige plassar utanfor B og C-bygget, finn du ein stor parkeringsplass bak Sluppenvegen 12 E.
Parkering for tilsette
Tilsette som ynskjer å nytte seg av gratis parkering må først legge inn registreringsnummeret på køyretøyet sitt i universitetets database. Innleigde konsulentar følger òg desse reglane for parkering.
Last ned SmartPark-appen.
Registrering i appen for tilsette: Opne SmartPark-appen, trykk på «Parkeringsavtaler, Trondheim» og vel «Ansattparkering NTNU».
Vel registreringsnummer til den bilen du skal parkere.
Finn du ikkje parkeringsavtalen, send ein e-post med ditt mobilnummer til bestillingsansvarleg, Ann Kristin Ljøkjell.
Du nyttar SmartPark-appen når du skal parkere utanfor IT-avdelinga. Registrer parkeringa når du skal parkere, eller frå kl. 07 same dag som du skal parkere.
Parkeringsplassar
Du kan parkere utanfor Sluppenvegen 12 B og C.
Er det ikkje ledige plassar utanfor B og C-bygget, finn du ein stor parkeringsplass bak Sluppenvegen 12 E.
Ladar for elbil
På baksida av Sluppenvegen 12B finn du fem ladeplassar merka «EL-bil NTNU». Desse ladepunkta kan alle IT-tilsette nytte seg av.
Du finn fire ladestolpar for elbil bak Sluppenvegen 12C. Tre av ladestolpane er reservert avdelinga. To av kontaktpunkta på stolpene er reservert eller haldne av til ein driftsbil og ein elbil som IT-avdelinga eig.
Den inste ladaren kan nyttast av alle, ikkje berre tilsette ved avdelinga.
Motorsykkel og scooter
Scooter og motorsykkel kan parkerast utanfor inngongen ved Sluppenvegen 12C eller E.
Gyldig parkering for motorsykkel krev at køyretøyet er registrert i SmartPark-appen.
Sykkelparkering
Det finnast ei bu for sykkel ved Sluppenveien 12C kor du kan parkere sykkelen din.
Send ein e-post til Ann Kristin Ljøkjell for å få kode til sykkelbua.
Motorsykkel og scooter kan ikkje parkerast i sykkelboden.
Møterom på Sluppenvegen
Navn | Bygg | Etasje | Rom nr. |
---|---|---|---|
Berserk | Sluppenvegen 12-C | 4. et. | 439C |
Elvegris | Sluppenvegen 12-C | 2. et. | 238C |
Fram | Sluppenvegen 12-B | 2. et. | 233B |
Gjøa | Sluppenvegen 12-C | 4. et. | 434C |
Gokstad | Sluppenvegen 12-B | 4. et. | 421B |
Grindøy | Sluppenvegen 12-C | 4. et. | 422C |
Hydrolift | Sluppenvegen 12-C | 4. et. | 415C |
IT-HUB | Sluppenvegen 12-B | 1. et. |
141C |
Kobben | Sluppenvegen 12-B | 4. et. | 424B |
Linesøy | Sluppenvegen 12-C | 4. et. | 423C |
Oseberg | Sluppenvegen 12-B | 4. et. | 422B |
Ra II | Sluppenvegen 12-C | 5. et. | 516C |
Tune | Sluppenvegen 12-B | 4. et. | 423B |
Skibladner | Sluppenvegen 12-C | 5. et. | 520C |
Storskjær | Sluppenvegen 12-C | 4. et. | 423C |
Supernova | Sluppenvegen 12-C | 2. et. | 215C |
Tardis | Sluppenvegen 12-C | 2. et. | 237C |
Tigris | Sluppenvegen 12-C | 4. et. | 432C |
Yrjar | Sluppenvegen 12-B | 2. et. | 232B |