Kontakt oss

NTNU IT-avdelinga

Kontakt oss

Kontakt oss

NTNU HJELP

Brukarstøtte

Ta kontakt med brukarstøtte for deg som er student og tilsett. Ring oss på 73 59 15 00 eller ta kontakt via NTNU Hjelp.
Gå til NTNU Hjelp
Skranke

Kontakt i skranke

Du kan få IT-støtte ved å besøkje ein av dei fysiske skrankane våre på campus.
Sjå oversikt over opningstider og stader

Driftsstatus

Aktuelle driftsmeldingar og kjende feil på NTNU sine IT-tenester, slik at du raskt ser om noko er nede eller under arbeid. Sida vert oppdatert fortløpande.
Sjå aktuelle driftsmeldingar
Sikkerheitsoperasjonssenteret (SOC)

Rapporter ein sikkerheitshending

Har du fått ein mistenkeleg e-post, mista eller blitt fråstole IKT-utstyr, eller har du mistanke om virus eller skadevare? Det er viktig at du varslar NTNU SOC før du gjer eigne grep. Ring (+47) 90 66 43 50
E-post: soc@ntnu.no
Finn tilsette

Finn ein tilsett

Leitar du etter ein bestemt medarbeidar, finn du kontaktinformasjon via tilsettsøket eller oversikta over seksjonar og tilsette. Der kan du søke på tilsette eller bla deg fram til rett seksjon.
Sjå oversikt over seksjonar og tilsette
Faktura

Fakturaadresse

Sjå nettsida om faktura for å finne ut korleis du fakturerer til NTNU.
Retningslinjer for fakturering

Treng du IT-hjelp?

Treng du IT-hjelp?

Informasjon og veiledningar for studentar og tilsette ligg på Innsida.

Eg er student  Eg er ansatt

Besøke IT-avdelinga sitt hovudkontor

Besøke IT-avdelinga sitt hovudkontor

IT-avdelinga har kontor i Sluppenvegen 12B og C. Hit kjem du med bil, buss og sykkel. Du finn gjesteparkering, parkering for elbil og eigen sykkelparkering utanfor bygget. 

Gjesteparkering

Gjesteparkering

Som gjest kan du nytte ein av parkeringsplassane våre når du besøker oss.

På førehand ber vi deg om å sende ein e-post med bilen sitt registreringsnummer og ditt mobilnummer til den du skal besøke. Be hen om å legge deg inn i systemet. Hen du skal besøke er ansvarleg for å gje deg parkering.

Du kan parkere utanfor Sluppenvegen 12B og C.

Er det ikkje ledige plassar utanfor B og C-bygget, finn du ein stor parkeringsplass bak Sluppenvegen 12E.

Parkering for tilsette

Parkering for tilsette

Tilsette som ynskjer å nytte seg av gratis parkering må først legge inn registreringsnummeret på køyretøyet sitt i universitetets database. Innleigde konsulentar følger òg desse reglane for parkering.

Last ned SmartPark-appen.

Registrering i appen for tilsette: Opne SmartPark-appen, trykk på «Parkeringsavtaler, Trondheim» og vel «Ansattparkering NTNU».

Vel registreringsnummer til den bilen du skal parkere.

Finn du ikkje parkeringsavtalen, send ein e-post med ditt mobilnummer til bestillingsansvarleg, Ann Kristin Ljøkjell.

Du nyttar SmartPark-appen når du skal parkere utanfor IT-avdelinga. Registrer parkeringa når du skal parkere, eller frå kl. 07 same dag som du skal parkere.

Motorsykkel og scooter

Motorsykkel og scooter

Scooter og motorsykkel kan parkerast utanfor inngongen ved Sluppenvegen 12C eller 12E.

Gyldig parkering for motorsykkel krev at køyretøyet er registrert i SmartPark-appen.

Sykkelparkering

Sykkelparkering

Det finnast ei bu for sykkel ved Sluppenveien 12C kor du kan parkere sykkelen din.

Send ein e-post til Ann Kristin Ljøkjell for å få kode til sykkelbua.

Motorsykkel og scooter kan ikkje parkerast i sykkelboden.

Møterom på Sluppen

Møterom på Sluppen
Navn Bygg  Etasje  Rom nr.
Berserk Sluppenvegen 12-C  4. et. 439C
Elvegris Sluppenvegen 12-C 2. et.  238C
Fram Sluppenvegen 12-B 2. et. 233B
Gjøa Sluppenvegen 12-C 4. et. 434C
Gokstad Sluppenvegen 12-B 4. et. 421B
Grindøy Sluppenvegen 12-C 4. et. 422C
Hydrolift Sluppenvegen 12-C 4. et. 415C
IT-HUB Sluppenvegen 12-B  1. et. 

141C

Kobben Sluppenvegen 12-B 4. et. 424B
Linesøy Sluppenvegen 12-C 4. et. 423C
Oseberg Sluppenvegen 12-B 4. et. 422B
Ra II Sluppenvegen 12-C 5. et. 516C
Tune Sluppenvegen 12-B 4. et. 423B
Skibladner Sluppenvegen 12-C 5. et. 520C
Storskjær Sluppenvegen 12-C  4. et. 423C
Supernova Sluppenvegen 12-C  2. et. 215C
Tardis Sluppenvegen 12-C 2. et. 237C
Tigris Sluppenvegen 12-C 4. et. 432C
Yrjar Sluppenvegen 12-B  2. et.  232B

IFrame