Vidareutdanning: Kostnader og finansiering

Vidareutdanning: Kostnader og finansiering

 

Nokre kurs/emne/studium er gratis, mens andre har ei kurs-/studieavgift. Du må rekne med utgifter til pensumlitteratur og eventuelt reise- og opphaldsutgifter. For kurs/emne/studium med studiepoeng, må du også betale semesteravgift.

Semesteravgift

Semesteravgift er ei lovpålagd avgift til Studentsamskipnaden som alle studentar må betale. Semesteravgifta er pr. no på kr 600,- og blir fakturert etter du har fått opptak.

Semesteravgifta er personleg og knytt opp mot fødsels- og personnummeret ditt. Vi kan derfor ikkje fakturere denne til arbeidsgjevaren din. Men du kan hente ut kvittering frå Studentweb. Sjå fana "Meir..." heilt øvst på sida, og vel deretter "Betaling". Det grøne ikonet midt på sida inneheld kvitteringa di.

Har du betalt semesteravgift ved ein annan lærestad? Då treng du ikkje å betale på nytt, men kopi av kvittering må sendast til kontakt@sa.ntnu.no

Kursavgift

For kurs/emne/studium som har kurs-/studieavgift, blir avgifta i utgangspunktet fakturert til deg privat, men som ein service tilbyr vi oss å fakturere direkte til arbeidsgjevaren din. Du må avtale dette med arbeidsgjevaren din på førehand. Dersom fakturaen blir misleghalden, er du sjølv ansvarleg for at fakturaen blir betalt.

Du vil få beskjed når- og korleis du skal registrere fakturaopplysningar. Du vil også få beskjed når fakturaen er klar for betaling. 

Ofte betaler arbeidsgjevar for etter- og vidareutdanning dei reknar som relevant for jobbutføringa di eller som eit grunnlag for karriereutviklinga di i bedrifta. Som eit personalpolitisk verkemiddel er dette ofte ei svært god investering for ein arbeidsgjevar, då det aukar den samla kompetansen i bedrifta. I mange tilfelle vil det at arbeidsgjevar bidreg til å finansiere heile eller delar av etter- og vidareutdanninga di kunne vere eit alternativ til lønsauke. Det kan gjevast skattefritak for kostnader som arbeidsgjevar dekkjer i samband med vidareutdanning, sjå Skatteetatens Skatte-ABC (avsnittet om Utdanning - tilskot og kostnader).

Lånekassen - støtte til vidareutdanning

Du kan søkje støtte til vidareutdanning hos Lånekassen. Støtta er behovsprøvd mot løn og anna støtte gjennom studiet. Du må først ha betalt semesteravgifta før lånet blir utbetalt. På Studentweb kan du sjå kva opplysningar som er overførte til Lånekassen.