course-details-portlet

MGLU5240

Vitenskapsteori og metode (norsk- og engelskdidaktikk)

Nytt fra studieåret 2025/2026

Studiepoeng 15
Nivå Høyere grads nivå
Undervisningsstart Høst 2025
Varighet 1 semester
Undervisningsspråk Engelsk og norsk
Sted Trondheim
Vurderingsordning Hjemmeeksamen

Om

Om emnet

Faglig innhold

Innsikt i vitskapsteori og metode er grunnleggande for å forstå, vurdere, problematisere og sjølv gjennomføre fagdidaktisk forsking. Slik forsking hentar perspektiv og tilnærmingar frå eit breitt utval av fag- og forskingstradisjonar, og dette emnet opnar for ulike typar masteroppgåver og førebur kandidatane til sjølvstendig arbeid med ulike prosjekt. Emnet inneber at kandidatane tenker og arbeider med relevant vitskapsteori, -historie, -filosofi og -sosiologi, og emnet legg vidare vekt på samanhengen mellom ontologi, epistemologi, metodologi og metode. Dette set kandidatane i stand til å grunngi vala sine i konkrete tilnærmingar som dei gjer i eigne masterprosjekt. Emnet bidrar vidare med kunnskap om forholdet mellom forsking, forskar, fag og samfunn, og utviklar den kritiske og forskingsetiske sansen hjå kandidatane. Sentralt i emnet er òg at kandidatane kjem i gang med eigne masterprosjekt, og emnet legg mellom anna vekt på formelle sider ved akademisk skriving, som oppbygginga av ein vitskapleg tekst, presise framstillingsmåtar og rett bruk av referansesystem.

Emnet består av éin felles del og éin meir spesialisert del som gir rom for fordjuping i tema som er metodologisk relevante for og knytte til kandidatane sine eigne forskingsinteresser.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om sentrale utviklingstrekk og diskusjonar i vitskapshistoria
  • har inngåande kunnskap om ulike forskingstradisjonar og vitskapsteoretiske, -filosofiske, -historiske og -sosiologiske perspektiv som vedkjem faget
  • har avansert kunnskap om grunnleggande metodologiske resonnement og framgangsmåtar i fagdidaktisk forsking
  • har avansert kunnskap om omgrep og omgrepsbruk innanfor ulike forskingsfelt og - tradisjonar
  • har inngåande kunnskap om relevante forskingsetiske problemstillingar, prinsipp og retningslinjer

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan diskutere og reflektere over ulike sider ved forskingstradisjonar og vitskapsparadigme som blir aktualiserte i fagdidaktisk forsking
  • kan identifisere og diskutere samanhengar mellom vitskapsteori og metode
  • kan utarbeide forskbare spørsmål som har relevans for fagfeltet, og gjennomføre sjølvstendige undersøkingar
  • kan vurdere, velje og grunngi relevante metodiske tilnærmingar i eige masterprosjekt
  • kan forstå, vurdere og problematisere eiga og andre si forsking og forhalde seg kritisk til kunnskapskjelder

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan bruke vitskapsteoretisk og metodologisk innsikt på nye område
  • kan formidle resultat frå eige og andre sitt forskingsarbeid
  • kan vurdere avgrensingar og moglegheiter ved ulike metodar, i forsking og profesjon
  • kan reflektere over etiske problemstillingar i forsking og profesjon

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, seminar, individuelt arbeid, gruppearbeid og presentasjonar

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav iht. emnebeskrivelsen

Mer om vurdering

Obligatoriske aktivitetar

Obligatorisk arbeidskrav, jamfør emneskildringa. Obligatorisk oppmøte på seminar.

Vurderingsform og karakterskala: Individuell heimeeksamen over 4 døgn / 96 timar.

Vurdering: bokstavkarakterar (A-F).

Obligatoriske aktivitetar og arbeidskrav: munnlege presentasjonar og seminardeltaking med respons på medstudentars presentasjonar, skriftleg innlevering

Alle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende før studenten får gå opp til eksamen.

Eksamensspråk: nynorsk eller engelsk

Forkunnskapskrav

Kandidaten må ha bestått Engelsk 1 eller Norsk 1 og gjennomført Engelsk 2 eller Norsk 2 for å kunne starte på emne i syklus 2. Bestått blir forstått som at kandidaten har fullført og bestått eksamen i emnet. Gjennomført blir forstått som at alle obligatoriske arbeidskrav i emnet er godkjende, med andre ord at kandidaten er eksamensklar.

Kursmateriell

Pensum består av bøker og artiklar på skandinavisk og engelsk. Pensumliste og semesterplan blir lagde ut på Blackboard før studiestart.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra
MGLU5502 15 sp Høst 2025
MGLU5201 15 sp Høst 2025
MGLU5206 15 sp Høst 2025
Dette emne har faglig overlapp med emnene i tabellen over. Om du tar emner som overlapper får du studiepoengreduksjon i det emnet du har dårligst karakter i. Dersom karakteren er lik i de to emnene gis det reduksjon i det emnet som er avlagt sist.

Fagområder

  • Engelsk
  • Lærer- og lektorutdanning
  • Norsk (norrøn)

Kontaktinformasjon

Emneansvarlig/koordinator

Ansvarlig enhet

Institutt for lærerutdanning

Eksamen

Eksamen

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Ordinær eksamen - Høst 2025

Hjemmeeksamen
Vekting 100/100 Dato Utlevering 01.12.2025
Innlevering 05.12.2025
Tid Utlevering 09:00
Innlevering 09:00
Varighet 4 dager Eksamenssystem Inspera Assessment

Ordinær eksamen - Vår 2026

Hjemmeeksamen
Vekting 100/100 Varighet 4 dager Eksamenssystem Inspera Assessment