course-details-portlet

LOS8043

Utforskende og estetiske læringsformer i litteraturdidaktikk

Nytt fra studieåret 2026/2027

Studiepoeng 5
Nivå Doktorgrads nivå
Undervisningsstart Høst 2026
Varighet 1 semester
Undervisningsspråk Engelsk og norsk
Sted Trondheim
Vurderingsordning Oppgave

Om

Om emnet

Faglig innhold

Emnet gir ei kritisk innføring i estetiske og utforskande undervisnings- og læringspraksisar i litteraturundervisning og litteraturdidaktisk forsking. Undervisninga tematiserer eigenarten til skjønnlitteratur som studieobjekt og undervisningsgjenstand. Dette dannar bakgrunn for å diskutere m.a. faghistoriske perspektiv på utforskande og estetisk litteraturundervisning, og forskingsfronten på feltet.

Hermeneutiske og fenomenologiske perspektiv vil stå sterkt i emnet. Vi drøftar nyare tendensar i litteraturvitskap - så som postkritikk, posthumanisme og affektteori - i ljos av litteraturdidaktisk praksis- og teoriutvikling. Emnet tek dimed opp korleis litteraturdidaktikk kan forståast som anvendt litteraturvitskap. Eit mål med emnet er at ph.d.-kandidatar i litteratur og litteraturdidaktikk skal kunne posisjonere eigne prosjekt på ein kritisk reflektert måte, i samanheng med forskingsfronten.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten

  • har avansert, kritisk reflektert kunnskap om estetiske og utforskande læringsformer i litteraturdidaktisk forsking
  • har inngåande kunnskap om litteraturteoretiske grunnlagsproblem
  • har omfattande kunnskap om forholdet mellom litteraturvitskap som disiplinfag og litteraturdidaktikk
  • har kunnskap om korleis ein kan gjennomføre forsking på estetiske og utforskande undervisningsformer

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan lese og kritisk vurdere komplekse litteraturvitskaplege og -didaktiske tekster
  • kan ta i bruk, diskutere og vurdere litteraturvitskapleg og -didaktisk forsking i eige prosjekt
  • kan gå i dialog med og formidle sentrale faglege problemstillingar på feltet utforskande og estetiske læringsformer i litteraturdidaktikk, både munnleg og skriftleg

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere og kritisk vurdere litteraturdidaktisk forsking i ljos av ulike fagtradisjonar
  • kan opptre som kritisk samtalepartnar med fagfellar
  • kan utarbeide sjølvstendige faglege resonnement, i dialog med tidlegare forsking

Læringsformer og aktiviteter

Emnet blir undervist i form av seminar, som også kan omfatte kreative og utforskande arbeidsmåtar. Undervisninga er samlingsbasert, med to campussamlingar over to-tre dagar. Mellom samlingane skal studentane levere arbeidskrav som får respons av ein faglærar (jf. punktet «Obligatoriske aktivitetar»).

Vi opererer med eit felles kjernepensum. I tillegg skal kandidaten leggje opp eit sjølvvalt pensum, delvis ut frå ei liste utarbeidd av faglærarane.

Undervisningsspråk i emnet er norsk og engelsk. Studentane på emnet må meistre norsk/skandinavisk. Eksamen og arbeidskrav kan leverast på norsk/skandinavisk eller engelsk.

Obligatoriske aktiviteter

  • 80 % oppmøte
  • Innlevering av selvstendig, annotert pensumliste
  • Muntlig presentasjon av semesteroppgaveprosjekt
  • Gi medstudentrespons

Mer om vurdering

Sluttvurderinga er ei individuell semesteroppgåve. Semesteroppgåva skal ta for seg eit sjølvstendig valt tema der studenten set sitt eige ph.d.-prosjekt i samanheng med innhaldet i emnet. Arbeidet med semesteroppgåva skal presenterast munnleg i responsgrupper på andre samling. KI-generert tekst er ikkje tillate som del av arbeidskrava.

Tekst levert til vurdering i opplæringsdelen kan i omarbeidd form inngå i avhandlinga.

Ved gjentak av ikkje godkjend eksamen kan kandidaten levere omarbeidd versjon av tidlegare innlevert tekst i emnet. Dersom innleveringa er ein omarbeidd versjon av ei tidlegare innlevert tekst, må det opplysast om dette i innleveringa.

Forkunnskapskrav

  • Mastergrad eller tilsvarande.
  • Avgrensa opptak til undervisning.
  • Ph.d.-kandidatar blir rangerte først ved opptak.

Opptaksavgrensing

  • Emnet har ei opptaksavgrensing på 25 studentar. Ved færre enn 5 søkarar kan Institutt for lærarutdanning avlyse kurset.
  • Rangeringsreglar og søknadsfrist finn du her: https://www.ntnu.no/ilu/phd-emner

Fagområder

  • Litteraturvitenskap
  • Lærer- og lektorutdanning

Eksamen

Eksamen

Vurderingsordning: Oppgave
Karakter: Bestått/ Ikke bestått

Ordinær eksamen - Høst 2026

Oppgave
Vekting 100/100 Eksamenssystem Inspera Assessment