Vegskillet ved grønt og svart: rolla til olje- og gass i forsking, innovasjon og den norske grøne omstilling

Vegskillet ved grønt og svart: rolla til olje- og gass i forsking, innovasjon og den norske grøne omstilling

I Noreg som i andre land har vi eit sterkt og fruktbart samarbeid mellom industri og akademia for å styrke kunnskapsdriven industriutvikling og for å sikre konkurranseevne og produktivitet. Olje- og gassektoren skil seg ikkje ut i så måte. Som eit døme på dette står Akademiaavtalen der Equinor sidan 2009 har løyvd store overføringar til norske høgskular og universitet. Samarbeidet vart nyleg fornya med ei overføring til grunnforsking på 315 millionar kroner i perioden 2019-2024.

Dette er ikkje ukontroversielt, og heller ikkje det einaste tilfellet av slik finansiering. Forutan industriaktørar er også staten med Forskningsrådet sentrale bidragsytarar til petroleumsrelatert forsking. Likevel går ikkje alltid pengane til å forlenge oljealderen. I Akademiaavtalen er til dømes 40 prosent av overføringane øyremerkte petroleumsforsking, medan fornybar energiteknologi og digitalisering får høvesvis 40 og 20 prosent. Forskningsrådet tildeler «reine» petroleumskroner gjennom PETROMAKS2 og PETROSENTER, medan andre midlar går via til dømes ENERGIX-programmet til forsking på karbonfangst- og lagring (CCS) – ein teknologi som det kan hevast både løyser ei klimautfordring og kan bidra til å forlenge oljealderen. I andre tilfelle ser vi at olje- og gassektoren delvis initierer og løyver ressursar til reine fornybarprosjekt som i offshore vind-prosjektet HyWind, men også gjennom deltaking i fornybarprogram som ENERGIX. Dette kan tolkast som strategiar for å sikre kompetanse, marknadsdelar og ei rolle som energiselskap i tida også etter oljealderen.

GreenBlack-prosjektet

GreenBlack-prosjektet undersøker dette skjeringspunktet mellom det grøne og det svarte, med ei målsetjing om å fastslå korleis forskjellige typar forskingsmidlar tildelt av forskjellige typar aktørar bidrar til anten å forlenge oljealderen eller til grøn omstilling. Ved å undersøke mottakarar av olje- og gassrelatert finansiering skal prosjektet svare på følgjande spørsmål: 1) korleis verkar forskingsfinansiering og samarbeid mellom industri og akademia retningsbestemmende for forsking og innovasjon, 2) kva strategiar blir brukt for å sikre tildeling av finansiering innan aktivitetar som driv kunnskapsproduksjon og teknologiutvikling, og 3) kva typar forsking og innovasjon kjem ut av desse strategiane?