Språklege økologiar – norsk(e) språk i tid og rom

Språklege økologiar – norsk(e) språk i tid og rom

Da den norsk-amerikanske språkvitaren Einar Haugen (1906–1994) i 1970-åra trekte omgrepet «økologi» inn i språkforskinga, var det fordi han meinte at mange forskarar ikkje tok nok omsyn til omgjevnadene til språket når dei skulle kaste lys over mønster i språkleg struktur, variasjon og endring. Språkøkologi definerte han som «the study of interactions between any given language and its environment» (Haugen 1972, 325), og dermed ville han forsøke å femne både psykologiske og sosiologiske sider ved språk og språkbruk.

Eit viktig poeng for Haugen var at språk ikkje går i arv hjå individet, sjølv om språkevna gjer det. Eit språk eksisterer berre i kraft av språkbrukarane, og det er dermed ein del av menneska sin kollektive, samfunnsmessige arv. Både menneska og språka kan lokaliserast historisk, geografisk og sosialt, og i tilnærminga til språklege forhold må ein derfor ta i bruk mange av dei same teoretiske reiskapane som blir nytta for å forstå menneskeleg hopehav elles.

Denne forskargruppa vil utforske korleis tilnærmingsmåtar frå fagfelt som humangeografi, antropologi, sosiologi, historie og filologi kan brukast i studiar av språkforhold i det norske samfunnet. I eit slikt heilskapleg språkøkologisk perspektiv ligg det ei interesse for å studere korleis språklege forhold har forma – og held fram med å forme – tilværet for ulike individ og grupper i Noreg.

Forskargruppa granskar norske språkforhold frå ulike tidsepokar, frå ulike stader og basert på ulike modalitetar, men utan å avgrense tilnærmingane til norsk språk. Vi set oss føre å femne òg om andre språk som gjennom tidene har vore ein del av den norske språkøkologien. Det språkøkologiske perspektivet har mykje til felles med det inkluderande synet som Michael Silverstein har gjeve til kjenne gjennom omgrepet «The total linguistic fact» (t.d. Silverstein 1985). Essensen i denne ideen er at lingvistisk form (struktur), språkleg samhandling (praksis) og ideologi heng saman, og at samspelet mellom desse tre aspekta må stå i sentrum når ein vil forstå eit språkleg fenomen. I tråd med dette legg forskargruppa vekt på korleis språkleg struktur inngår i sosiale samanhengar og samhandlingar, og korleis ideologiske og politiske forhold kan verke inn på språkbruken, både umedvite og gjennom bevisst språkpolitikk.  

Kjernen i gruppa er fast tilsette forskarar ved Institutt for språk og litteratur som arbeider innanfor desse rammene. I tillegg kjem postdoktor-forskarar, stipendiatar og mastergradsstudentar som har prosjekt med liknande innretning.