Om institutt for internasjonal forretningsdrift
Om institutt for internasjonal forretningsdrift
Om institutt for internasjonal forretningsdrift
Instituttet har ei internasjonal profil, noko som vert synleggjort blant anna i instituttets namn og i studieprogramporteføljen til instituttet.
Instituttet tilbyr bachelorprogram i Økonomi og administrasjon, Marknadsføring, innovasjon og leiing, samt masterprogram i Internasjonal Business and Marketing (siviløkonom). Vi har eit tett samarbeid med det internasjonale næringslivet i regionen. Nærleik og tett kontakt med arbeidslivet legg til rette for ei god læringsarena både for studentar og fagmiljøet ved instituttet.
Forskinga ved instituttet bidrar til ny innsikt for regionalt og nasjonalt næringsliv og hjelper til med å handtere økonomiske og leiingsmessige utfordringar for ein region prega av store omstillingar og teknologisk utvikling. Instituttet har tre strategiske forskingsområde: 1) internasjonal business og marketing, 2) tenesteinnovasjon, entreprenørskap, finans og teknologi (TEFT), og 3) grøn innovasjon og berekraft.
Instituttet bidrar til auka innovasjons- og nyskapningsevne i etablerte verksemder, gründerverksemder og for individ som er drivkraftar for berekraftig verdiskaping.