Å leve vidare med minna etter 22. Juli

Forskinga sitt samfunnsbidrag - Det humanistsike fakultetet

Å leve vidare med minna etter 22. Juli

Terroråtaka 22. juli 2011 i Regjeringskvartalet og på Utøya som kosta 77 menneske livet, er ei av dei største tragediane i norsk historie. Korleis dette har prega det norske samfunnet i ettertid og korleis vi behandlar minne om hendingane, er utgangspunktet for  forskingsprosjektet «22. juli og forhandlinga av minne», som vart initiert i 2013.

- I samfunnsforskinga snakkar ein gjerne om eit samfunns motstandskraft eller «resilience» og det handlar om kva som skjer når ein kjem under press. Kva skjer eigentleg når ein blir slått ned? Blir ein slått ut? Eller reiser ein seg? Utøya reiste seg.

Dette seier prosjektleiar Tor Einar Fagerland som saman med andre fagpersonar var engasjert av AUF for å gi råd i gjenoppbygginga av Utøya.

Utforming av 22. juli-senteret

Gruppa hadde også ansvar for utforminga av den faste utstillinga i 22. juli-senteret i Regjeringskvartalet. Senteret med utstillinga vart opna i 22. juli 2015 og fekk massiv nasjonal og internasjonal mediedekning, og sida det opplevd store besøkstal. Særleg har mange elevgrupper frå norske skoler besøkt senteret der dei har fått ei innføring i hendinga og etterspelet ved hjelp av eit sett med tilarbeidt materiale som forskingsgruppa, i tett samarbeid med kulturminneforvaltar og museumsformidlar Åshild Karevold og arkitekt Atle Aas, har utvikla nettopp til dette føremålet.

Minne i ulike fasar

I prosjektet 22. Juli og forhandling av minne studerer forskargruppa korleis hendingane har prega dei kulturelle uttrykka i samfunnet, og særleg korleis tragedien er representert og tolka gjennom midlertidige og permanente markørar i offentlege rom. Dei har hatt særskilt merksemd på overgangen frå tidleg fase da tragedien vart markert gjennom spontane og midlertidige minnesmerke, til etablering av offisielle monument og stader til minne om terroråtaka. Korleis ein utformar utstillingar og minnesmerke som heidrar ofra på ein samvitsfull måte og samtidig gir håp og optimisme for framtida er ei sentral problemstilling i forskingsprosjektet.

Prosjektet er finansiert av NTNU med støtte frå Falstadsenteret, har sitt utspring i Kulturminnevitskapsprogrammet ved Institutt for historiske studium leia av førsteamanuensis Tor Einar Fagerland og med ph.d.-kandidatane Line Gjermshusengen og Ingeborg Hjort som deltakarar i prosjektgruppa. .Hegnhuset på Utøya

Prosjektleiar Tor Einar Fagerland vart også engasjert av kommunaldepartementet som rådgjevar for å finne ei løysing på den fastlåste situasjonen med minnesmerke på landsida.

Prosjektgruppa «22. juli og forhandlinga av minne» vann NTNU sin formidlingspris i 2015.