Romteknologi

Romteknologi er ein del av kvardagslivet vårt vi ikkje så ofte tenkjer over. Dei siste åra har rombaserte tenester slik som satellittnavigasjon (GPS mm) og jordobservasjon (som mellom anna dannar grunnlag for vermeldingar og overvåking av ressursar) vorte meir og meir vanlege og integrerte i dagleglivet.

I denne landsbyen er målet å fokusere på korleis vi som studentar og tilsette på universitetet kan bidra. Vi vil vise kva  studentaktivitetar som er relevante for romteknologi. Vi kjem til å fokusere på tre område:

1: Ferdigstilling og integrering av elektronikk for studentsatellittprosjektet Orbit
2: Nyttelast for studentrakett i samarbeid med faget Romteknologi II
3: Nyttelast for ballongslepp

Relevant kompetanse

I denne landsbyen ynskjer vi oss deg som har ei sterk interesse for romteknologi, teknisk tverrfaglegheit og eit ynskje om å sjå korleis ting heng saman.

Du kan gjerne ha interesse for og/eller kjennskap til: 
  • Programmering (C, C++, Python mm. For Linux, mikrokontroller)
  • 3D-modellering/CAD
  • Hardware og «fikling». Bygging av elektronikk og andre delar
  • Radiokommunikasjon/satellittkommunikasjon
  • Romteknologi (fjernmåling, atmosfærefysikk, bemanna romfart, utforsking, materialteknologi og meir til)
  • Eigen motivasjon og vilje til å jobbe med romteknologi er viktigast!
     

Om landsbyen

Satellittprosjektet Orbit er eit pågåande CubeSat-prosjekt ved NTNU. Bakgrunnsinformasjon finn du på http://www.orbitntnu.com/ og http://www.cubesat.org/. Meir oppdatert informasjon kan ein finne ved å gå på Facebook-sida til Orbit: https://www.facebook.com/OrbitNTNU/

Aktuelle samarbeidspartnerar for landsbyen er Norsk Romsenter (www.romsenter.no) og Nasjonalt senter for romrelatert opplæring, NAROM (www.narom.no).

Det er fleire moglege oppgåver i landsbyen, men det vil bli fokusert på nokre hovudområde:

  • Bidra saman med masterstudentar og andre frivillige i studentsatellittprosjektet Orbit til å ferdigstille og integrere delsystema til satellitten
  • Lage ei eiga nyttelast for studentraketten som skal skytast opp våren 2019 i faget Romteknologi II. Heile eller delar av gruppa skal reise til Andøya saman med romteknologifaget for å skyte opp raketten (avhengig av ledig plass på Andøya)
  • Planlegge og bygge nyttelast til eventuell ballongkampanje saman med Orbit-prosjektet

Eit siste mål og motivasjonsfaktor er at vi ynskjer å oppfordre gruppene til å sende inn abstract (dvs. samandrag av arbeidet sitt) til ein internasjonal romteknologikonferanse og delta på denne om abstract vert antatt. Ein aktuell konferanse er den årlege International Astronautical Congress (IAC), som vert arrangert i Washington DC, USA på hausten 2019. EiT2017 var representert på IAC2017 i Adelaide, Australia. Ei gruppe frå EiT2016 deltok på IAC2016 i Mexico. NB: Deltaking på slike konferansar er ikkje dekka økonomisk via EiT, men det finst ei rekke støtteordningar det er mogleg å søke på. Info om dette vert gitt om det blir aktuelt.
 

Rakettoppskyting frå Andøya i 2015. Ein del av faget Romteknologi II.

 

Døme på tidlegare oppgåver i landsbyen ligg på http://nuts.cubesat.no/ekspertblogg.

Sun, 02 Sep 2018 18:31:24 +0200

Emnekode: TFE4850
Landsbytittel: Romteknologi
Type: Langsgående
Språk: Norsk
Landsbyleder: Amund Gjersvik
Kontaktinformasjon: amund.gjersvik@ntnu.no
Undervises: Vår 2019

Viktig informasjon om EiT:

  • Det unike med EiT er fokuset på samarbeidskompetanse og gruppeprosesser.
  • Undervisningsformen i EiT forutsetter at alle bidrar og er til stede hele semesteret. Derfor er det obligatorisk tilstedeværelse hver landsbydag.
  • I motsetning til mange emner er spesielt de første dagene viktig i EiT. Det er da dere i gruppa blir kjent med hverandre, og diskuterer hva hver enkelt kan bidra med. Dere skal også utarbeide den obligatoriske samarbeidsavtalen, samt begynne å utarbeide en felles problemstilling.
  • Utfyllende informasjon om Eksperter i team finner du på siden for studenter.
Satellittelektronikk
Integrering av temperatursensor til rakett. EiT 2016.
Ballongslepp frå Andøya 2015

Fem studenter som er glad for å finne ballongnyttelast etter mange mil med flytur!