Tina Louise Ringstad
Bakgrunn og aktiviteter
Eg er stipendiat i språkvitskap ved Institutt for språk og litteratur. Eg er utdanna master i nordisk språk ved NTNU, der eg skreiv avhandlinga "Byggeklossar i barnespråk. Om tre norske born si tileigning av funksjonelle kategoriar". Eg har ein bachelor i norsk/nordisk frå Høgskolen i Telemark og Háskóli Íslands.
Faglege interesser
- (Førstespråkts)tileigning
- Språkendring
- Generativ grammatikk møter kognitiv lingvistikk
- Syntaks
- Pragmatikk
Doktorgradsprosjektet mitt
I prosjektet mitt undersøker eg korleis førstespråkstileigning går føre seg. Dette gjer eg ved å sjå på bestemte setningstypar norske barn har problem med å få til vaksenlikt. Barn seier ofte "Der er han som liker ikkje kake". Eg undersøker kvifor barn plasserer verbet på feil stad. Barna veksler mellom å bruke barneordstillinga si, og å ytre seg nett som vaksne. I mitt prosjekt forsøker eg å finne ut kva som gjer at det av og til er vaksenlikt og av og til ikkje.
Dette kan vere med på å seie oss meir om kor små barn hentar informasjon frå når dei bygger språket sitt. Kva hentar dei frå den medfødde grammatikken og kva hentar dei frå språket dei høyrer rundt seg?
Du kan lese meir her.
Verv og undervising
- Eg leia komiteen som arrangerte stipendiatkonferansen NoSlip (oktober 2016)
- Eg var representant for PhD-kandidatane i HFs programråd studieåret 2015-2016 og 2016-2017
- Eg har undervisingserfaring frå University of Edinburgh, der eg underviste i norsk (2014-2015)
Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid
Viser et utvalg av aktivitet. Se alle publikasjoner i databasen
Tidsskriftspublikasjoner
- (2016) Presentasjon av ph.d.-prosjekter. Norsk tidsskrift for logopedi. vol. 3.
- (2016) /fisk/ eller /spist/? Om korleis vi kan transkribere utydeleg tale og få hjelp frå CHILDES. Norsk tidsskrift for logopedi. vol. 62 (4).
- (2014) "Bibiola – Biola – Bibiola". Kva rolle speler input frå foreldra for barnet si språkutvikling?. RISS : magasin for studentar og tilsette ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Universitetet i Trondheim. vol. 14 (2).
Rapport/avhandling
- (2014) Byggeklossar i barnespråk. Om tre norske born si tileigning av funksjonelle kategoriar. 2014.
Andre
- (2017) Genus i barnespråk. Genus i norsk . Språkrådet og NTNU; Trondheim. 2017-06-14 - 2017-06-14.
- (2017) "Ikke æ kakk eggan". Korleis fungerer språktileigning?. Exfac "TED"-talk ; NTNU. 2017-09-20 - 2017-09-20.
- (2017) Innføyd ordstilling i førstespråkstileigning: Valfridom eller overgeneralisering?. MONS 17 . Universitetet i Bergen; Solstrand, Bergen. 2017-11-22 - 2017-11-24.
- (2017) Children's strategies in acquisition: Acquiring embedded word order optionality. International Symposium of Bilingual and Monolingual Speech . Institute of Monolingual and Bilingual Speech; Chania. 2017-09-04 - 2017-09-07.
- (2017) Overgeneralizing word order? L1 acquisition of embedded word order optionality. Generative Approaches to Language Acquisition . Universitat de les Illes Balears; Palma de Mallorca. 2017-09-07 - 2017-09-09.
- (2016) Acquiring embedded word order in Norwegian. EMLAR 2016 . Utrecht University; Utrecht. 2016-04-19 - 2016-04-21.
- (2016) CHILDES-vettreglane – Ver rusta mot utfordringar når du skal transkribere barnespråk i CHILDES-standarden. Dagsseminar om transkribering og koding . Høgskolen i Østfold; Halden. 2016-05-12 - 2016-05-12.
- (2015) Om kvifor me treng ein norsk standard for transkripsjon og tagging av barnespråkskorpus. MONS - Møte om norsk språk . Universitetet i Agder; Kristiansand. 2015-11-25 - 2015-11-27.
- (2015) "Vet du hvor mange språk du kan?". Researchers' Night . NTNU; Realfagsbygget, NTNU Gløshaugen. 2015-09-25 - 2015-09-25.
- (2014) Humaniora har egenverdi. Under dusken [Avis]. 2014-05-04.
- (2014) Now Ylva little and can't coffee. Norwegian L1 acquisition - a corpus study. Manchester forum in Linguistics (MFiL) ; 2014-11-06 - 2014-11-07.