course-details-portlet

MGLU2101 - Norsk 1 (1-7) emne 2: Språk og tekst 2

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Hjemmeeksamen 100/100 7 dager ALLE

Faglig innhold

Norsk 1, emne 2 omhandlar begynnaropplæring i lesing og skriving, utvikling av munnlege ferdigheiter, norsk som andrespråk, litteratur for småtrinnet, og fagdidaktiske spørsmål. Emnet tematiserer òg den tette samanhengen mellom språk og språkbruk og identitetsutvikling. I tillegg legg det vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Studentane vil møte varierte arbeidsmåtar, også praktisk-estetiske tilnærmingar.

Læringsutbytte

KUNNSKAP Kandidaten

  • har omfattande kunnskap om barns språkutvikling på småtrinnet
  • har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege og multimodale tekster
  • har kunnskap om skjønnlitteratur i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn på småtrinnet
  • har brei kunnskap om metodar i den første lese- og skriveopplæringa
  • har kunnskap om kartleggingsprøver og læremiddel for småtrinnet, både digitale og andre
  • har kunnskap om nynorskens rolle i norskfaget og nynorsk språkføring
  • har kunnskap om relevante forskingsmetodar i norskfaget og etikk knytt til forskning som involverer elevar

FERDIGHEITER Kandidaten

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar på småtrinnet
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekster og sjangrar i arbeid med munnlege og multimodale tekster i ulike medium
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler
  • kan bruke ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar på småtrinnet
  • kan vurdere norskfaglege læremiddel for småtrinnet, digitale og andre
  • kan formulere seg presist på nynorsk om norskfaglege tema
  • kan bruke relevante forskingsmetodar i norskfaget på ein etisk forsvarleg måte

GENERELL KOMPETANSE Kandidaten

  • kan legge til rette for at elevane på småtrinnet utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan planlegge og gjennomføre norskundervisning på småtrinnet i sentrale emne og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis på småtrinnet med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag

Læringsformer og aktiviteter

Studiet inneber både fellesførelesingar, undervisning i seminarform, skriveverkstad og arbeid i mindre grupper. Studentane skal bruke språket aktivt gjennom heile studiet, både i munnleg og skriftleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg fagstoffet gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, og gjennom arbeid i kollokviegrupper. Det er forventa at studentane møter førebudde til undervisninga og at dei bruker biblioteket aktivt. Det er forventa at studentane er aktive gjennom heile studiet.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav iht. emnebeskrivelsen

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav: 4

  • Obligatorisk oppmøte på eitt skriveseminar
  • To skriftlege innleveringar på nynorsk
  • Éin presentasjon om ei barnelitterær tekst

Obligatoriske arbeidskrav blir vurderte med godkjent/ikkje godkjent. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at kandidaten skal kunne gå opp til eksamen.

Heimeeksamen er individuell og skal skrivast på nynorsk.

Spesielle vilkår

Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 1-7 (LTGLU1-7)
Grunnskolelærerutdanning 1.-7. trinn (MGLU1-7)

Kursmateriell

Endeleg pensumliste blir lagt ut på Blackboard før studiestart.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
LGU12007 15.0 HØST 2018
Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: A
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Videregående emner, nivå II

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  VÅR 2023

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Lærer- og lektorutdanning
  • Norsk (norrøn)
Kontaktinformasjon

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Høst UTS Hjemme-eksamen 100/100 ALLE

Utlevering
21.11.2022

Innlevering
28.11.2022


09:00


15:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
Vår ORD Hjemme-eksamen 100/100 ALLE

Utlevering
07.06.2023

Innlevering
14.06.2023


09:00


15:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU