Bakgrunn og aktiviteter

Stilling og bakgrunn

Eg arbeider med ulike språklege emne i norskfaget. Særleg er eg interessert i grammatikk, tale- og skriftvariasjon, leksikografi, språknormering, -politikk og -didaktikk. 

Eg har bakgrunnen min i nordisk språkvitskap og har arbeidd ein heil del med grammatisk og leksikalsk variasjon i norsk – særleg med preposisjonar og verbpartiklar i eit syntaktisk og semantisk perspektiv. Tidlegare har eg hatt stillingar som ordbokredaktør i Norsk Ordbok og som førsteamanuensis i norsk på lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet).

Eg arbeider òg med rettskrivinga i nynorsk og bokmål gjennom Språkrådet sitt fagråd for normering og språkobservasjon, der eg har vore medlem sidan 2015 (leiar i 2017–18).

Eg er medlem i Landslaget for norskundervisning sin bokredaksjon (2019–).

 

Utdanning og arbeid

1997: Førebuande fag (ex.phil., fonetikk og lingvistikk), Universitetet i Bergen

1998–99: Grunn- og mellomfag i tysk, Universitetet i Bergen og Universität-Gesamthochschule Essen (no Universität Duisburg-Essen)

2000: Grunnfag i idrett, Høgskolen i Telemark (no Universitetet i Søraust-Noreg)

2001: Grunn- og mellomfag i nordisk språk og litteratur, NTNU, Universitetet i Bergen og Háskóli Íslands

2004: Hovudfag/cand.philol. i nordisk språkvitskap, NTNU

2005: 1 år praktisk-pedagogisk utdanning, NTNU

2005–14: Ordbokredaktør i Norsk Ordbok

2015: Ph.d. i språkvitskap, NTNU

2015–16: Førsteamanuensis i norsk, Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet)

2016–: Førsteamanuensis i norskdidaktikk, ILU, NTNU

 

Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid

Et utvalg av nyere tidsskriftspublikasjoner, kunstneriske produksjoner, bok, inklusiv bokdeler og rapport-del. Se alle publikasjoner i databasen

Tidsskriftspublikasjoner

Bøker

  • Aa, Leiv Inge. (2020) Norwegian Verb Particles. John Benjamins Publishing Company. 2020. ISBN 9789027207456.
  • Aa, Leiv Inge; Neteland, Randi. (2020) Master i norsk. Metodeboka 1. Universitetsforlaget. 2020. ISBN 9788215032306.
  • Neteland, Randi; Aa, Leiv Inge. (2020) Master i norsk. Metodeboka 2. Universitetsforlaget. 2020. ISBN 9788215035710.

Del av bok/rapport

  • Aa, Leiv Inge. (2020) Å studere språkleg variasjon i korpus. Master i norsk. Metodeboka 1.
  • Aa, Leiv Inge; Neteland, Randi. (2020) Forord. Master i norsk. Metodeboka 1.
  • Aa, Leiv Inge; Neteland, Randi. (2020) Å studere til master i norsk – skulens største fag. Master i norsk. Metodeboka 1.
  • Neteland, Randi; Aa, Leiv Inge. (2020) Forord. Master i norsk. Metodeboka 2.
  • Neteland, Randi; Aa, Leiv Inge. (2020) Å designe og gjennomføre eit forskingsprosjekt. Master i norsk. Metodeboka 2.
  • Aa, Leiv Inge. (2017) Godt mot, Olaf!. I teneste for nynorsken. Heidersskrift til Olaf Almennningen 70 år.
  • Aa, Leiv Inge. (2017) Går artikkelen opp?. Målreising og morsmålsdokumentasjon. Heidersskrift til Oddrun Grønvik ved 70-årsleitet.
  • Aa, Leiv Inge. (2017) Syntaks. Norsk 5-10: Språkboka.
  • Aa, Leiv Inge. (2016) visir-viskøs, å-åborvase, åt-åtevom, åtl-åtsår. Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. Band 12.
  • Aa, Leiv Inge. (2014) Å ikkje akte infinitivsmerket. Frå A til Å. Veneskrift til Dagfinn Worren på 70-årsdagen 28. desember 2014.