Studiets oppbygning

Fysisk planlegging - masterstudium (2-årig)

Studiets oppbygning

Utdanningsplan og emneval

Studentane skal kvart år følje ein utdanningsplan som er godkjent av programrådet. Planen skal registrerast i byrjinga av haustsemesteret slik at oppmelding i emne kan skje innan 15. september for haustsemesteret, og 15. februar for vårsemesteret. Emne skal ordinært veljast blant dei tilrådde emna i den valde fagprofilen. Fakultetet kan godkjenne val av andre emne dersom det er kapasitet.

Deltidsstudiar

Programstyret kan godkjenne søknad om deltidsstudiar for eitt år om gongen i samsvar med utdanningsplanen. Studenten kan ikkje bruke meir enn tre år på same årskurs. Masteroppgåva kan ikkje takast som deltidsstudium.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal vere på 30 studiepoeng.
For å få starte arbeid med masteroppgåve må alle obligatoriske og valbare emne som inngår i utdanningsplanen, vere bestått. Programstyret kan i særskilde tilfelle fråvike dette, og skal ta omsyn til omfanget av emne som står igjen, og om dei er viktige for gjennomføring av masteroppgåva.

Masteroppgåva skal normalt takast ut i løpet av veke 2, alternativt veke 33. Tidsramma for arbeidet er 20 veker. Programstyret kan godkjenne utvida tidsramme dersom:

  • studenten har undervisningsarbeid ved NTNU

  • studenten blir forsinka i arbeidet på grunn av sjukdom eller andre tvingande grunnar

  • studenten utfører masteroppgåva i utlandet.

Masteroppgåva kan utførast:

  1. Individuelt

  2. I gruppe med individuell vurdering

  3. I gruppe med felles vurdering

Alle studentar har krav på å få utføre masteroppgåva individuelt.
Oppgåveform 2 og 3 kan studentar velje om dei sjølv set saman gruppa og emneansvarleg for oppgåva godtar det.
I tilfelle 2 skal den enkelte studenten sitt bidrag kunne skiljast ut. Ved gruppearbeid skal studentane på førehand inngå skriftleg avtale om forholdet. Avtalepartane er studentane i gruppa og emneansvarleg. Det blir brukt særskild avtaleformular.

Den innleverte masteroppgåva med vedlegg kan fritt brukast av NTNU i undervisnings- og forskingsformål. Ved bruk ut over dette, som utgjeving og anna økonomisk utnytting, må det gjerast særskild avtale mellom NTNU og kandidaten.

Generelle bestemmingar

Øvingsarbeid
Studenten kan normalt ikkje levere svar eller vedlegg til desse etter oppsett innleveringsfrist. Det aktuelle instituttet kan i særskilde tilfelle gje utsetting.

Tilgang til eksamen
For å få tilgang til eksamen må studenten ha fått godkjent eventuelle obligatoriske øvingar i emnet.

Utsett eksamen
I emna som blir underviste av Fakultet for arkitektur og biletkunst, blir utsett eksamen normalt lagd til neste ordinære eksamensperiode. I andre emne gjeld reglane for det ansvarlege fakultetet. Ved gjentak av eksamen i emne der øvingsarbeid tel 50 % eller meir, må det leverast nytt eller revidert øvingsarbeid.
 

Utveksling i utlandet

Her er mulighetene mange, men det er lurt å starte planleggingen i god tid.
Studentane kan gjennomføre inntil eit semester ved eit utenlandsk universitet, fortrinnsvis i tredje semester. Fakultetet har avtaler med ei rekke universitet som har relevante studieprogram.
Din studieveileder kan hjelpe deg med forhåndsgodkjenning og emnevalg, og hvilke muligheter som finnes for deg på ditt studieprogram.

Les mer om utveksling her.

Studieplan detaljer

Her kan du ta en kikk på obligatoriske og valgbare emner fordelt på år og semester.

Gå til studieplan