Masterprogram 2-årig

Fysisk planlegging

Bilde av studentar som planlegg. Foto: Vegard Hagerup
 

 

 

Om studieprogrammet

Med utdanning i fysisk planlegging kan du delta i samfunnsplanlegginga  og utforminga av våre fysiske omgjevnadar. Du er med på å skape ein del av framtida og påverke folks kvardag. Arbeid med fysiske planar krev kompetanse innan mange fagfelt og samarbeid mellom ulike fagområde.


Søk opptak

Søknadsfristen er 15. april, og det er eitt opptak i året. Du søkjer om opptak via Søknadsweb NTNU.

Studieprogrammet er for kandidatar med ein bachelorgrad eller liknande utdanning. Søkarane blir delt inn i to opptaksgrupper. Sjå om du er kvalifisert til opptak.


Moglege jobbar

Med fullført masterstudium i fysisk planlegging kan du få spennande jobbar innan samfunnsplanlegging og forvaltning. Du kan få delta i tverrfagleg planarbeid saman med ulike aktørar i planprosessar.  Det finst eit stort tilbod av jobbar både i offentleg og privat sektor, og utsiktene framover ser svært gode ut.


Oppbygging av studiet

Studiet har fire semester.  Dei tre første består alle av fire emne, kvar på 7,5 studiepoeng.
I det fjerde semestret skriv du masteroppgåva. Ho skal vere på 30 studiepoeng.


Kontakt programmet

Spørsmål om studiet:
kontakt@iap.ntnu.no

Studierettleiar:
Terje Skjeggedal
 

 

Fakta om studieprogrammet

Grad: Master
Tilgangsavgrensa: Ja (20 plassar)
Opptak: Søknadsweb
Søknadsfrist: 15. april
Fakultet: Fakultet for arkitektur og design
Gyldig: Studieåret 2018-2019
Studiested: Trondheim, Gløshaugen