Emne - Masteroppgave i norskdidaktikk - MGLU5202
Masteroppgave i norskdidaktikk
Vurdering og obligatoriske aktiviteter kan bli endret frem til 20. september.
Om
Om emnet
Faglig innhold
Dette emnet er fylt av sjølve masteroppgåva og eit oppgåverelevant individuelt pensum. Under rettleiing utformar og gjennomfører studenten eit forskingsprosjekt som blir dokumentert gjennom ei skriftleg oppgåve, masteroppgåva. Temaet for oppgåva blir avgjort av studenten sjølv i samråd med rettleiar og vil derfor variere frå student til student.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har avansert, spesialisert kunnskap innanfor eit avgrensa område i norskdidaktikk
- har inngåande kunnskap om sentrale fagdidaktiske utfordringar med utgangspunkt i fagområdets forsking, historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- har inngåande kunnskap om utforming av eit relevant, norskdidaktisk forskingsprosjekt
- har inngåande kunnskap om kva som krevst av vitskaplege tekstar i norskdidaktikk
- har kunnskap om vitskaplege referansestandardar
Ferdigheiter
Studenten
- kan under rettleiing utforme og gjennomføre eit forskingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- kan vurdere og diskutere relevant norskdidaktisk forsking på ein sjølvstendig måte
- kan sette seg inn i teori og forskingslitteratur som er relevant for å drive forsking innanfor eit avgrensa område i norskdidaktikk
- kan analysere og tolke empiri i lys av teori
- kan forhalde seg kritisk til ulike kunnskapskjelder
- kan referere til informasjonskjelder i samsvar med anerkjende standardar
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke fagkunnskapane sine til å designe forskingsprosjekt som svarar på relevante norskdidaktiske problemstillingar
- kan formidle sjølvstendig forskingsarbeid med bruk av norskdidaktikkens fagspråk
- kan kommunisere om problemstillingar, empiriske analysar og konklusjonar innanfor norskdidaktikkens fagområde til fagspesialistar og lærarar
- kan bruke erfaring frå eiga forsking til å innta ei leiande rolle i utviklinga av norsk som undervisingsfag i skulen
Læringsformer og aktiviteter
Eige arbeid med rettleiing individuelt og/eller i gruppe.
Obligatoriske aktiviteter
- Obligatoriske aktiviteter iht. emnebeskrivelsen
Mer om vurdering
OBLIGATORISKE AKTIVITETAR
- Obligatorisk deltaking på eventuelle grupperettleiingar, fellesseminar eller presentasjonar som blir tilbydd
- Obligatorisk individuell rettleiing i form av rettleier-studentmøte
Obligatoriske aktivitetar blir vurdert som godkjent eller ikkje godkjent. Alle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for at studenten skal kunne levere masteroppgåva.
VURDERING
Masteroppgåva blir normalt skriven i monografiform. Oppgåva blir levert individuelt eller som eit fellesarbeid for to studentar. Viss oppgåva blir levert som fellesarbeid skal studentane signera ein samarbeidsavtale og leggja ved ei samarbeidsbeskriving ved innlevering av masteroppgåva. Når masteroppgåva blir levert som eit fellesarbeid, blir det normalt gitt ein felles karakter på oppgåva. Ettersom kandidatane har individuell klagerett kan det i sjeldne tilfelle likevel vere aktuelt å vurdere kandidatane ulikt. Alle masteroppgåver, uavhengig av om dei er skrive individuelt eller i samarbeid, blir vurdert av éin intern og éin ekstern sensor.
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 1.-7. trinn (MGLU1-7) - enkelte retninger
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10) - enkelte retninger
Anbefalte forkunnskaper
Bestått 30 studiepoeng på masternivå i norskdidaktikk frå grunnskulelærarutdanninga sitt fjerde studieår eller tilsvarande.
Forkunnskapskrav
Bestått Norsk 1 og Norsk 2 (totalt 60 studiepoeng) eller tilsvarande.
Bestått FoU-oppgåve
Kursmateriell
Individuelt, sjølvvald pensum
Fagområder
- Lærer- og lektorutdanning
- Norsk (norrøn)