Regionalt fagmiljø (RFM)

– for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi

 

Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi i Helse Midt skal bidra til gode tenestetilbod til pasientar med dei fire diagnosane.

RFM gjev tilbod på fleire område, formidling, forsking, fagutvikling, nettverksarbeid, rådgjeving og undervisning. RFM gjev stønad til prosjekt og utviklingsarbeid som styrker kunnskap og kunnskapsutvikling  i regionen, og samarbeider med brukarorganisasjonar, fagfolk, avdelingar og klinikkar i Helseforetaka.

Vi har samarbeid fleirregionalt og nasjonalt der det er naturleg. 

RFM gir ikkje tilbod om pasientbehandling, men kan gje råd og informasjon om behandlingstilboda i regionen.

 

 

Kontakt RFM

Hege Ramsøy-Halle

Fagkoordinator
Mail: hege.ramsoy-halle@ntnu.no
Telefon: 73551526 / 92654673