Strategi – Om – Institutt for lærerutdanning
Skulen formar framtida


Visjon: Kunnskap for betre skule og utdanning
Skule og utdanning er berebjelkar i eit opplyst samfunn og utgjer slik ein viktig demokratisk grunnberedskap. Gjennom å utdanne lærarar, som igjen skal utdanne framtidas samfunnsborgarar, forvaltar Institutt for lærarutdanning (ILU) eit dobbelt danningsoppdrag. Vi skal bidra til at små og store fellesskap i samfunnet er inkluderande og består av aktivt kritiske og ope tenkjande borgarar. Gjennom utdanningar i arkiv, museum og dokumentasjonsforvalting skal vi styrke samfunnet sin tilgang til kunnskap om fortid og notid. Slik skal ILU bidra til å ivareta og vidareutvikle eit demokratisk samfunn.
Det er menneska som utgjer det demokratiske fellesskapet vårt. ILU skal legge til rette for at studentar og tilsette får utvikle seg fagleg og menneskeleg, bidra aktivt og skape gjennom faglege, estetiske og erfaringsbaserte prosessar. Fagfellesskapa ved ILU skal inkludere eit mangfald av menneske, og det skal vere rom for å ytre seg og vere usamde, samstundes som vi anerkjenner og aksepterer kvarandre. Som institutt skal ILU verdsetje ulike perspektiv og bruke mangfaldet som drivkraft for utvikling. Vi skal vektlegge dokumentasjon og tilgang til pålitelege kunnskapskjelder som sentrale demokratiske bidrag.
Gjennom kjerneoppgåvene utdanning, forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og formidling skal ILU setje preg på utdanningssektoren. ILU tilbyr forskingsbasert og profesjonsrelevant utdanning for heile skuleløpets 1.–13. trinn innanfor breidda av skulen sine undervisningsfag, relevant etter- og vidareutdanning, og utdanning i arkiv, museum og dokumentasjonsforvalting.
I strategiperioden blir det viktig at ILU tilpassar seg den økonomiske situasjonen.
Ambisjonar
ILUs fagmiljø skal vere nasjonalt tonegivande og internasjonalt anerkjende
ILUs fagmiljø skal vere nasjonalt tonegivande og internasjonalt anerkjende
Fagmiljøa ved ILU skal ha høge ambisjonar, anten det handlar om å flytte den internasjonale forskingsfronten eller å utvikle nasjonale og lokale praksisar. I strategiperioden skal vi styrke bidraget vårt i kunnskapsutvikling for og med sektoren, bygd på ein kombinasjon av erfaringsbasert og vitskapleg kunnskap.
I strategiperioden skal ILU styrke den samla forskings- og utviklingsaktiviteten gjennom ein breitt forankra forskings- og utviklingskultur. ILU skal etablere tydelege forventningar til faglege bidrag på alle nivå i organisasjonen og auke delen tilsette som publiserer fagfellevurdert forsking, nasjonalt og internasjonalt. Som institutt skal ILU stimulere til at kunnskap blir synleg og teken i bruk, og vi skal bidra med banebrytande forsking.
ILU skal ta nasjonalt ansvar for utvikling av lærarutdanning. Studieprogramma ved ILU skal kjenneteiknast av høg fagleg kvalitet, som bidreg til å rekruttere ambisiøse og engasjerte studentar. Kvaliteten blir skapt gjennom forskingsbasering, praksiserfaring, fordjuping og tverrfagleg samarbeid. Utdanningane gir fagleg, pedagogisk og fag- og yrkesdidaktisk djupn og breidd, og er prega av spisskompetansen i fagmiljøa.
ILU skal vere synlege i faglege og utdanningspolitiske diskusjonar nasjonalt, og gjennom dette bidra til politikk- og praksisutforming. Som institutt skal vi støtte opp om at våre tilsette formidlar forskinga si og deltek i diskusjonar om skule, utdanning, fag og arbeidsliv. Vi skal verne om den akademiske fridomen som verdi og føresetnad, og skape tryggleik for at folk skal ytre seg.
ILU skal vere leiande i ei kunnskapsbasert og berekraftig utvikling av norsk skule, lærarutdanningane og samfunnet
ILU skal vere leiande i ei kunnskapsbasert og berekraftig utvikling av norsk skule, lærarutdanningane og samfunnet
ILUs viktigaste bidrag til samfunnsutviklinga er kandidatane våre. Gjennom utdanningar som rekrutterer godt og stiller høge faglege krav på campus og i praksis, skal vi utdanne profesjonsutøvarar som kan forvalte komplekse yrke og som er godt førebudde på ein skule og eit samfunn i stadig endring. Utdanningane skal fremje kunnskapsutvikling og kunnskapsbasering, nysgjerrigheit, analytisk tilnærming, sjølvstende og samarbeidsevne.
Kandidatane våre kan bruke ulike faglege, pedagogiske, fag- og yrkesdidaktiske verktøy og teknologiar med klokskap på ulike læringsarenaer. Dei har den medmenneskelegheita og det profesjonsetiske medvitet som trengst for å handle klokt, og dei har òg kunnskap og mot til å endre og vidareutvikle faga, profesjonen og seg sjølve.
ILUs aktivitet skal fremje miljømessig, sosial og økonomisk berekraftig utvikling, og bidra til å utdanne aktive medborgarar. Vi skal bidra til medvit om samanhengar mellom det lokale, nasjonale og globale, og styrke internasjonalisering i utdanningane.
Forskinga ved ILU skal vere relevant, styrke profesjonsutdanningane og gi avgjerdstakarar eit solid fagleg grunnlag. Forskingsmiljøa ved ILU skal kombinere fagleg fordjuping og tverrfagleg samarbeid, og undersøke mangefasetterte problemstillingar gjennom eit mangfald av metodiske tilnærmingar.
Forsking og utdanning skal vere tett integrerte. Studentane skal møte undervisarar og rettleiarar som sjølve er aktive i forsking og formidling, og studentane bør òg inkluderast i forskingsaktivitetar. Forsking og utviklingsarbeid som undersøker og utviklar undervisningspraksisar, står særleg sentralt ved ILU. Vi utviklar erfaringsbaserte, praktiske, estetiske og utforskande undervisningsformer innanfor breidda av skulefag.
ILU skal hegne om kunnskap og fellesskap som vern om demokrati
ILU skal hegne om kunnskap og fellesskap som vern om demokrati
ILU skal utvikle og fremje vitskapleg forankra kunnskap og kritisk tenking som vern mot forenkling, feilinformasjon og polarisering. Vi skal utdanne profesjonsutøvarar som tenker og handlar ansvarleg, som er varme og modige i møte med medmenneske og kan motverke utanfor¬skap. Slik skal ILU bidra til eit framtidig demokratisk og inkluderande samfunn prega av tillit til kunnskap og fellesskap.
ILU legg til grunn at faglege og menneskelege fellesskap er avgjerande for kunnskapsutvikling, kritisk tenking og demokratisk deltaking. Vi skal bidra til å styrke skulen som samfunnets viktigaste fellesskapsarena gjennom fagleg utviklingsarbeid og forskingsbasert undervisning for eit breitt utval av skulefag og fagfelt. Fagmiljøa ved ILU skal utvikle betydelege kunnskapsbidrag innanfor ulike aspekt ved temaet fellesskap.
Teknologisk utvikling fører til radikale endringar i utdanningsfeltet. Desse endringane kan potensielt truge tilliten til fellesskap, kunnskap og demokrati. ILU skal bidra med kunnskapsbasert innsikt i både moglegheiter og utfordringar som teknologiane fører med seg for læring, skule og samfunn.
Føresetnadar
Korleis lykkast vi med ambisjonane våre?
Fagfellesskap
Fagfellesskap
Ambisjonane blir skapte og utvikla i forskingsgrupper, fagseksjonar, administrasjon, senter og studieprogram. Fagfellesskapa skal vere stimulerande, støttande og respektfulle samarbeidsmiljø der nysgjerrigheit, kreativitet og ulike perspektiv blir verdsette. Gjennom respektfull samhandling skal vi halde meiningsbrytinga varm om kva som er god og viktig forsking og utdanning innanfor fagfelta våre.
ILU skal legge til rette for ulike karrierevegar for tilsette og utnytte ulike tyngdepunkt i kompetanse som ein styrke. ILU skal støtte dei tilsette sin forskings- og utviklingsaktivitet både individuelt og kollektivt, og støtte karriereutvikling fram mot første- og toppkompetanse. ILU skal vere i dialog med regionale, nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar i utvikling av fagfelt og forsking, og fleire tilsette skal få erfaring som prosjektleiarar.
Samspel med praksisfeltet
Samspel med praksisfeltet
ILUs aktivitet har tydeleg samanheng med utvikling og utfordringar i praksisfeltet. Profesjonsrelevans blir utvikla i partnarskap med relevante aktørar. Vi samarbeider med, undersøker, utviklar og blir utfordra av det praksisfeltet vi utdannar til og i. Dette inneber at utdanning, forsking og utviklingsarbeid skjer i kontinuerleg dialog og samskaping med praksisfeltet, med mål om å styrke kvaliteten i skule, lærarutdanning og andre relevante sektorar.
I utdanningane er campusstudium og praksisstudium godt integrerte og organiserte med vekt på faglegheit og fleksibilitet. I samspel med praksisfeltet bidreg ILU med forskings- og utviklingsarbeid, formidling og innovasjon – regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Lærings- og arbeidsmiljø
Lærings- og arbeidsmiljø
ILU skal vere eit lærande fagleg fellesskap med kultur for kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling, prega av openheit, inkludering, rausheit og samarbeid. Å arbeide og studere ved ILU inneber ein balanse mellom fagleg fridom og ansvar. ILUs tilsette og studentar er kompetente, ambisiøse, nysgjerrige og engasjerte, og dei bidreg til å utvikle instituttet både individuelt og i fellesskap.
ILU skal verne om ein mangfaldig akademisk kultur prega av gjensidig respekt, der tilsette og studentar med ulike bakgrunnar kan prestere og utvikle seg. Eit trygt og stimulerande lærings- og arbeidsmiljø skal fremje meistring, tilhøyrsel og fagleg motivasjon.
ILU skal arbeide for ein levande campus som er ein fagleg møteplass for studentar og tilsette, og som i størst mogleg grad speglar kjerneverksemda vår.
Organisasjon
Organisasjon
Gode organisatoriske rammer skal støtte opp om ILU si kjerneverksemd og sørge for balanse mellom oppgåver og ressursar. ILU må forhalde seg til dei økonomiske rammevilkåra. Leiinga skal legge til rette for medverknad, og avgjerdsprosessar skal vere prega av openheit og systematikk.
Tydeleg leiing på alle nivå skal fremje tillit og bidra til klare mål og rammer for arbeidet. Studieprogramma ved ILU skal vere godt organiserte og fagleg og økonomisk berekraftige.
ILU skal ha som ambisjon at tilsette og studentar sjølve er språkmedvitne og følger prinsippa for klart språk. Dei lovfesta språklege rettane til studentar og tilsette skal ivaretakast.
PDF-fil
Last ned eller skriv ut strategien som PDF.
NB: ikkje universelt utforma.