Kvinnenettverket i filosofi ved NTNU
MENY
Kvinnenettverket i filosofi ved NTNU
Kvinnenettverket i filosofi ved NTNU
Kvinnenettverket i filosofi ved NTNU vart oppretta hausten 2020. Bakgrunnen for skipinga er at faget er svært mannsdominert. Studentar i filosofi, tilsette ved IFR, tidlegare studentar og tilsette på filosofi, og dessutan andre kvinner som held på med filosofi ved NTNU kan bli medlemmer i nettverket.
Vi i Kvinnenettverket ønskjer å:
- auka delen av kvinner på filosofi, blant både studentar og tilsette.
- synleggjera kvinner sine bidrag til faget og synleggjere problemstillingar som kvinnelege filosofar ved NTNU er opptekne av.
- støtte opp om kvinner som på ein eller annan måte er knytta til fagmiljøet i filosofi ved NTNU, mellom anna gjennom å tilby støtteordningar til kvinnelege studentar og unge forskarar. Nettverket kan, viss vi har midlar, velje å gi mindre stipend til kvinner som treng økonomisk støtte, til dømes å skriva PhD-søknader, eller til å fullføre doktorgradsstudiet.
- arrangere seminar og konferansar kor særleg kvinnelege filosofar blir inviterte til å formidle forskinga si. Nokre arrangement vil vere opne for alle som ønskjer å delta (uavhengig av kjønn). Andre arrangement, slik som til dømes medlemslunsjar, vil berre vere for medlemmene for nettverket.