Om Institutt for elektroniske systemer (IES)
Om institutt for elektroniske systemer
Nøkkeltal
Institutt for elektroniske system har ca 130 heiltids tilsette fordelt på 54 vitskaplege stillingar, ca 40 stipendiatstillingar, 15 forskar/post.doc.-stillingar og 22 teknisk/administrative stillingar. I tillegg har instituttet 10 professor II-stillingar og 30 Ph.D.- kandidatar tilknytte instituttet. Instituttet sine tilsette er lokaliserte på to campusar med ca 120 i Trondheim, og 7 på Gjøvik.
Instituttet uteksaminerer årleg 60 – 80 sivilingeniørar (mastergrad), 40–50 bachelor-kandidatar (Trondheim og Gjøvik) og 10–15 ph.d.-kandidatar. Instituttet har ei monaleg eksternfinansiert verksemd.
Arbeidslivsnettverket Sync
Dette nettverket er eit samarbeidsforum for næringslivet og institutta Teknisk kybernetikk og Elektroniske systemer ved IE-fakultetet. Nettverket samlar bedrifter og organisasjonar innan elektronikk og kybernetikk og skapar ein møteplass for studentar, næringsliv og institutt, der dei kan utveksle informasjon og synspunkt om tema av felles interesse.
Les meir om Arbeidslivsnettverket Sync
Forskingsområde

- Trådlaus kommunikasjon
- Marin akustikk
- Multimedia- og taleteknologi
- Mikro- og nanoteknologi
- Sensorteknologi
- Medisinsk teknologi
- Smart Wireless Systems
Sentrale forskingsområde ved IES ligger innan trådlaus kommunikasjon, marin akustikk/undervasskommunikasjon, multimedia- og talebehandling, mikro- og nanoteknologi, sensorteknologi samt medisinsk teknologi.
Forskingsområda er både eksperimentelt og teoretisk retta. Et studium ved instituttet gjev dermed eit solid fundament for vidare utvikling og karriere innan ei rekkje ulike retningar.
Instituttet sitt forskings- og utdanningsansvar er fordelt på fem faggrupper.

Strategi 2026 - 2035
Leiinga ved instituttet
Nestleiar - undervisning bachelor
Nestleiar - innovasjon
Visjon
Institutt for elektroniske system (IES) skal innanfor sine disiplinar vera det leiande akademiske forskings- og utdanningsmiljø i Noreg.
Innan utvalde område skal instituttet vera på internasjonalt leiande nivå.
Oppdrag
Institutt for elektroniske system skal utøve NTNUs verksemd innan elektronikk og telekommunikasjon
Leiarmøtet
Leiarmøtet er rådgjevande organ i alle saker instituttleiinga ynskjer å drøfta. Instituttleiar har avgjerdsmynde og stend ansvarleg.
Instituttets øvste organ er "Utvida leiarmøte". "Utvida leiarmøte" er samansett av instituttet sitt leiarmøte, samt 3 eksterne representantar.
Leiarmøtet møter ca. hver 14.dag. Det utvida leiarmøtet vert kalla samen når det trengs.