Multimorbiditet, det å ha fleire kroniske helseproblem, er vanleg. Nokre er samtidig skrøpelege, med svekka motstandskraft, tap av funksjon og aukt risiko for biverknader og død.

Les forfattarens Aftenpostenkronikk: Dei med minst ressursar har oftare fleire helseplager samtidig

Utfordrar helsevesenet

Multimorbiditet kan bestå av ulike helseproblem og kompleksitet varierar med kombinasjonen av tilstandar. Til dømes kan behandling av ein sjukdom vera motstridande til ein annan. I sum blir det ofte mange medisinar, med risiko for feilbruk og biverknader. Multimorbiditet utfordrar dermed både person, helsepersonell og helsevesen, som er retta mot enkelttilstandar og organisert etter organ.

Sosiale skilnadar

Å tilhøyre lågare sosiale lag med færre ressursar (typisk målt som utdanning, inntekt eller yrke) og å vera samtidig skrøpeleg, er ytterleg kompliserande ved multimorbiditet, men kombinasjonen av multimorbiditet med omsyn til desse faktorane er lite utforska. Me undersøkte derfor sosiale skilnadar i førekomst av å vera multimorbid og skrøpeleg.

Data frå over 38 000 deltakarar, 25 til 100 år, i Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag, 2006-2008 (HUNT3), viste at totalt 39% var multimorbide og skrøpelege, med fleire enn to helseproblem og meir enn én nedsatt funksjon (generell, psykisk, fysisk eller sosial). Det var høgare førekomst i lågare yrkesgrupper, blant kvinner og med aukande alder. Skilnad i førekomst mellom høg og låg yrkesgruppe varierte med alder, men var til stades frå ung vaksen til høg alderdom (min. 80 år).

Kompleks multimorbiditet

Det å ha fleire kroniske helseproblem er vanleg. Typisk er det målt som 2 eller fleire tilstandar og alvorsgraden varierar med kombinasjon av helseproblem. Definert som 3 eller fleire tilstandar i 3 ulike organsystem, kjent som kompleks multimorbidtet, vil behandling av sjukdomar ofte vera motstridande, det vil typisk vera mange medisinar med risiko for feilbruk og biverknader.

Data frå HUNT viste at totalt 54% hadde kompleks multimorbiditet. Det var høgare førekomst i lågare yrkesgrupper, blant kvinner og med aukande alder. Skilnad i førekomst mellom høg og låg yrkesgruppe varierte med alder, men var til stades frå ung vaksen til høg alderdom (min. 75 år).

Funna viser at folkehelsearbeid mot sosiale skilnadar i helse er viktig for å auke overlevinga for alle.

Samanheng med død

Sosiale skilnadar i helse er kjent, der dei med færre ressursar (typisk målt ved utdanning, inntekt eller yrke), har dårlegare helse og døyr i yngre alder. Multimorbiditet fylgjer dette sosiale mønsteret, då det i lågare sosiale lag er fleire og yngre personar som er ramma. Multimorbiditet auker òg risiko for død, medan få har forska på samspelet mellom sosial posisjon, multimorbiditet og død.

Me undersøkte derfor kombinasjonen av sosial posisjon, multimorbiditet og død i data frå over 31 000 HUNT-deltakarar, som vart kobla med dødsmeldingar i Folkeregisteret fram til februar 2019. Yrkesgruppe vart brukt som mål på sosial posisjon.

Blant vaksne (35 til 75 år) aukte absolutte dødstal og relativ risiko for død med lågare yrkesgruppe og fleire helseproblem. Menn i lågare yrkesgrupper virka til å vera ei spesielt sårbar gruppe.

Skreddarsydd behandling

Å vera multimorbid og skrøpeleg, eller å ha kompleks multimorbiditet, er svært vanleg sjølv i den generelle befolkinga, og det er sosiale skilnadar i heile vaksenlivet. Førebygging mot sosiale skilnadar i helse er viktig gjennom heile livet. I klinisk arbeid bør ein vera merksam på behov for skreddarsydd behandling.

I ei norsk ålmenn folkesetnad, er sjølv avanserte mål for multimorbiditet vanleg, med ulik sosial fordeling gjennom heile vaksenlivet og sosiale skilnadar i død ved lik multimorbiditet. Funna viser at folkehelsearbeid mot sosiale skilnadar i helse er viktig for å auke overlevinga for alle.

Kristin Hestmann Vinjerui
Profilside NTNU | + posts

Forsker på helsetjenester, sosialepidemiologi og multimorbiditet. Lege i spesialisering psykiatri, med klinisk erfaring i rusmedisin, nevrologi, fysikalsk medisin og rehabilitering, allmennmedisin og legevakt.