course-details-portlet

MGLU4510

Regionsstudie (Midtøsten og UK/Irland) og sammenlignende perspektiver på samfunnsfag (5-10)

Det tilbys ikke lenger undervisning i emnet.

Studiepoeng 15
Nivå Høyere grads nivå
Undervisningsspråk Norsk
Sted Trondheim
Vurderingsordning Muntlig eksamen

Om

Om emnet

Faglig innhold

Fagleg innhald

Emnet inneheld eit regionsstudium av to regionar (Midtausten og UK/Irland) og ein del som samanliknar samfunnsfaga som skulefag i Noreg og UK/Irland. Midtaustendelen av studiet handlar om utviklinga i nyare tid fram mot sjølvstendige statar, demokratitilhøve, sentrale konfliktar (irekna ressurskonfliktar), og om korleis aktørar utanfor regionen har påverka utviklinga i Midtausten. UK/Irlandsdelen er konsentrert om politiske system og strukturar, samanlikna med Noreg. Den fokuserer dessutan på regionale variasjonar, konfliktar i og mellom ulike delar av regionen og drøftar eit utval aktuelle politiske spørsmål i regionen. Ein samanliknande studie av samfunnsfaga som tilsvarer det norske samfunnsfaget 5-10 med det norske samfunnsfaget i eit område i regionen, er og ein del av emnet. Denne delen tematiserer ulikskap i læreplanar og andre styringsinstrument, i lærebøker og andre læringsressursar og dessutan utviklingsliner og pågåande utviklingsarbeid og samfunnsfagdidaktiske orienteringar og tenking. Emnet inneheld og eit feltkurs til UK og/eller Irland med friviljug deltaking, med program tilpassa emneinnhaldet.

Læringsutbytte

Læringsutbyte

KUNNSKAP

Studenten

  • har inngåande kunnskap om statsutvikling, demokratiforhold, ytre stormaktsinnblanding og konfliktar i Midtausten i nyare tid.
  • har avansert kunnskap om og kan samanlika politiske system, partisystem, valordningar og utvalde politiske konfliktliner i UK/Irland med tilsvarande i Noreg.
  • har inngåande kunnskap om etnisk, sosio-demografisk og økonomisk ulikskap/variasjon i dei to regionane.
  • har inngåande kunnskap om regional samanlikning og teoriar om regional utvikling og regionale skilnader.
  • har inngåande empirisk kunnskap om etniske konfliktar og avansert kunnskap om teoriar om etnisk dominans og konflikt.
  • har inngåande kunnskap nokon av dei skolefaga i UK/Irland som tilsvarer eller inngår i det norske samfunnsfaget 5-10, og om utviklingsliner og pågåande utviklingsarbeid i desse.

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan samanlikna sosio-demografiske, økonomiske og politiske tilhøve og utviklingsliner i regionane.
  • kan finna, vurdera, velja ut og tilpassa relevante fagkjelder til bruk i skulen.
  • kan planleggja, gjennomføra og vurdera samanliknande undervisning.
  • kan gjennomføra samanliknande skulefaganalyser.
  • kan vurdera kva omsyn samfunnsfagundervisning om konfliktområde eller i klassar med elevar frå område med akutt konflikt kan eller bør ta.
  • kan vurdera skilnadene mellom objektivitet, nøytralitet, ballanse og kritisk openheit med tanke på undervisning om politiske tilhøve og konfliktar
  • kan analysera og forhalda seg kritisk til ulike konfliktsyn og ulike oppfatningar av rettferd og likeverd.

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • kan planleggja ekskursjonar utanfor skulens nærområde
  • kan bruka innsikter frå masterfaget i utviklingsarbeid saman med andre faglærarar.

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, seminar med studentpresentasjonar, øvingar/studentoppgåver. Sjølvstendig arbeid og arbeid i grupper. Det kan organiserast feltkurs med frivillig studentdeltaking i United Kingdom og/eller Irland med programpostar som er relevante for emneinnhaldet.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav iht emnebeskrivelsen

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav:

  • deltaking på introduksjonsøkt
  • deltaking på 80% av kunngjorte seminar
  • 1 individuell seminarpresentasjon
  • kortpresentasjon i samband med oppøving i ekskursjonsplanlegging eller kortpresentasjon av programpunkt dersom det vert organisert feltkurs med friviljug deltaking. Arbeidskravet oppfyllast gruppevis.
  • lese- og øvingslogg utarbeidd i gruppe etter spesifikasjonar kunngjort ved semesterstart.

Eksamen:

Individuell munnleg eksamen om lag 30 minutt, der delar av eksamen kan ta utgangspunkt i lese- og øvingsloggen studenten er medansvarleg for. Eksamen vert vurdert med bokstavkarakter A-F.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10) - enkelte retninger

Forkunnskapskrav

Krav om førehandskunnskap

Studenten må ha stått samfunnsfag 1 (30 sp) og gjennomførd samfunnsfag 2 (30 sp) for å kunna starta på emne i syklus 2. Stått inneber at studenten har fullført og stått på eksamen i emnet. Gjennomførd tyder at alle obligatoriske arbeidskrav i emnet er godkjende, med andre ord at studenten er eksamensklar.

Kursmateriell

Endeleg pensumliste vert lagt ut på Blackboard føre studiestart.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra
MGLU4206 10 sp Høst 2025
Dette emne har faglig overlapp med emnet i tabellen over. Om du tar emner som overlapper får du studiepoengreduksjon i det emnet du har dårligst karakter i. Dersom karakteren er lik i de to emnene gis det reduksjon i det emnet som er avlagt sist.

Fagområder

  • Lærer- og lektorutdanning
  • Samfunnsfag

Kontaktinformasjon

Emneansvarlig/koordinator

Ansvarlig enhet

Institutt for lærerutdanning

Eksamen

Eksamen

Vurderingsordning: Muntlig eksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Utsatt eksamen - Høst 2025

Muntlig eksamen
Vekting 100/100 Hjelpemiddel HJELPEMIDD Varighet 30 minutter

Ordinær eksamen - Vår 2026

Muntlig eksamen
Vekting 100/100 Hjelpemiddel HJELPEMIDD Varighet 30 minutter