Bakgrunn og aktiviteter

Eg studerer korleis ein kan kontrollere magnetismen i komplekse oksid materiale. Meir konkret undersøker eg korleis ein kan skreddarsy ferro- og antiferromagnetisk doménestruktur ved bruk av tynnfilmsepitaksi og nanostrukturering. For tida utforskar eg korleis slike skreddarsydde nanomagnetar kan nyttast i ny ultra-lavenergi magnetisk logikk.

Eg co-leiar Oxide electronics group ved Institutt for Elektroniske Systemer og eg medlem i nettverket NTNU Morphogenetic Engineering.

I arbeidet med forskingsspørsmål i grenselandet mellom fysikk, materialteknologi og datavitskap samarbeider eg med forskingsgrupper i Noreg, Belgia, Storbritania og Sveits. Eg er òg ein aktiv brukar ved fleire synkrotronfasilitetar  (ALS, SLS, BESSY).

Forskingsinteresser:

  • Doménekontroll i komplekse oksidsystem
  • Antiferromagnetisk spinntronikk
  • Nanomagnetisk logikk (NML)
  • Superferromagnetisme
  • Kunstig Spinn Is
  • Magnetisk doméneavbildning (X-PEEM, MFM, STXM)
  • Nanofabrikasjon (EBL, FIB, Ionemønstring)

Undervising:

  • TFE4146 Halvleiarkomponentar
  • TFE4172 Introduksjon til halvleiarkomponentar

 

Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid

Et utvalg av nyere tidsskriftspublikasjoner, kunstneriske produksjoner, bok, inklusiv bokdeler og rapport-del. Se alle publikasjoner i databasen

Tidsskriftspublikasjoner