Bygningsvern - Kurs - EVU
Bygningsvern
Korleis kan ein lese verdiane i eit bygg og ivareta dei på best mulig måte? Foto: Aud Mikkelsen Tretvik
Start:
02.09.2026
Søknadsfrist:
01.07.2026
Undervisningsform:
Studium med fysiske og digitale samlinger
Pris:
0 Kr
Studiepoeng:
7,5
Emnekode:
KULMI6505
Kurset gir deg grunnleggjande kulturminneforståing og kompetanse i korleis ein kan lese verdiane i eit bygg og ivareta dei på best mulig måte. Kurset gir også overblikk over relevant lovverk og metodar for bygningsdokumentasjon.
Dette kurset retter seg mot folk som jobbar i byggjebransjen og som kan ha ulik fagbakgrunn:
- arkitekt
- byggingeniør
- faglærar byggfag
- handverksfag
- eigedomsforvaltning
- samlingsforvaltning ved bygningsmuseum/friluftsmuseum
Det er særlig relevant for dei som arbeider med det bygde miljøet og ønsker å auke kompetansen sin når det gjeld bygningsvern både i teori og praksis.
Bygningsvern blir ei viktig tilnærming innafor byggjenæringa framover. Det blir meir rehabilitering, restaurering og transformasjon av eksisterande bygningar og mindre nybygg. Dermed blir kunnskap om verdiar i eksisterande byggverk av stor betyding.
Sentralt i dette kurset er grunnleggjande kulturminneforståing for å lære korleis ein kan lese verdiane i eit bygg og ivareta dei på best mulig måte.
Viktige tema er verneteori, bygningsvernets historie, byggjeskikk, arkitektur- og stilhistorie, kulturminnerett, det å lese ein bygning, bygningsvern i praksis, herunder aktuelle utfordringar i bygningsvernet. Også metodar for innhenting av informasjon om bygningar frå arkiv og samlingar vil bli berørt.
Fagansvarleg er professor Aud Mikkelsen Tretvik.
Andre forelesere:
Bygningsvern - KULMI6505 (emnebeskrivelse publiseres i slutten av mai)
Opptakskravet er todelt, og begge deler må dokumenteres i søknaden:
- Generell studiekompetanse
- Relevant yrkeserfaring tilsvarende 100 % stilling i minst to år.
Yrkeserfaring dokumenteres med attester/tenestebevis frå arbeidsgjevar. Meir om krav til dokumentasjon finn du her.
Relevant yrkeserfaring er til dømes frå arbeid som
- arkitekt
- byggingeniør
- faglærar byggfag
- handverkar
- eigedomsforvaltar
- samlingsforvaltar ved bygningsmuseum/friluftsmuseum
Søkjarar som har annan type arbeidserfaring, blir vurderte særskilt.
Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse, men som er minst 25 år i 2026, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Realkompetanse er all kunnskap og all ferdigheit søkjaren har tilegna seg gjennom utdanning, lønna eller ulønna arbeid, organisasjonserfaring m.m.
Kvalifiserte søkjarar blir rangerte etter førstemann til mølla-prinsippet (tidspunktet for registrert søknad).
Kontakt for spørsmål om opptak og opptakskrav:
E-post: evuopptak@aud.ntnu.no
Tlf.: 73 59 77 01
Anbefalte forkunnskaper
Yrkeserfaring innafor byggjebransjen: arkitektur, byggingeniør, undervisning på byggfag vgs., handverksfag, eigedomsforvaltning.
Tid og sted for undervisning
Læringsaktivitetar hausten 2026
Fysisk samling 2. september, kl. 10–16 (6 t), Trondheim, obligatorisk.
- Forelesing, demonstrasjon, gruppearbeid, diskusjon.
- Arbeidskrav: refleksjonsnotat om erfaringar i eigen praksis med bakgrunn i forelesingstema.
Nettsamling 16. september, kl. 16–18 (2 t + 4 t forelesing i forkant),
ønskelig, men kan erstattast av individuell kontakt.
- Forelesingar tilgjengelig over ein periode før og etter.
- Nettmøte med faglærarar for spørsmål/diskusjon.
Ekskursjon til Bygningsvernsenteret på Røros 30. september, kl. 9–20, obligatorisk.
- Forelesing, demonstrasjon, instruksjon + synfaring (4 + 2 t).
- Arbeidskrav: refleksjonsnotat om bygningsvern i praksis ut frå eksempel demonstrert.
Nettsamling 14. oktober, kl. 16–18 (2 t + 4 t forelesing i forkant),
ønskelig, men kan erstattast av individuell kontakt.
- Forelesingar tilgjengelig over ein periode før og etter.
- Nettmøte med faglærarar for spørsmål/diskusjon.
Fysisk samling 28. oktober, kl. 10–16 (6 t), Trondheim, obligatorisk
- Forelesing, demonstrasjon, gruppearbeid, diskusjon.
- Arbeidskrav: drøftingsnotat om konfliktar rundt bygningsvern.
Eksamensbeskrivelse
Det er to fysiske samlingar og ein heildags ekskursjon som det er knytt arbeidskrav til:
- refleksjonsnotat om erfaringar i eigen praksis med bakgrunn i forelesingstema
- refleksjonsnotat om bygningsvern i praksis ut frå eksempel demonstrert under ekskursjonen
- drøftingsnotat om konfliktar rundt bygningsvern
Emnet har avsluttande case-basert prosjektoppgåve som vurderes med bestått/ikkje bestått. Tekstdelen av prosjektoppgåva skal ha eit omfang på 6-10 sider.
Pensumlitteratur/kursmateriell
Blir informert om ved kursstart.
Telefon: 73596449
E-post: aud.tretvik@ntnu.no