course-details-portlet

KULMI6505

Bygningsvern - videreutdanningskurs

Nytt fra studieåret 2026/2027

Studiepoeng 7,5
Nivå Videreutdanning lavere grad
Undervisningsstart Høst 2026
Varighet 1 semester
Undervisningsspråk Norsk
Sted Trondheim
Vurderingsordning Oppgave

Om

Om emnet

Faglig innhold

Bygningsvern blir ei viktig tilnærming innafor byggjenæringa framover. Det blir meir rehabilitering, restaurering og transformasjon av eksisterande bygningar og mindre nybygg. Dermed blir kunnskap om verdiar i eksisterande byggverk av stor betyding. Sentralt i dette kurset er grunnleggjande kulturminneforståing for å lære korleis ein kan lese verdiane i eit bygg og ivareta dei på best mulig måte. Viktige tema er verneteori, bygningsvernets historie, byggjeskikk, arkitektur- og stilhistorie, kulturminnerett, det å lese ein bygning, bygningsvern i praksis, herunder aktuelle utfordringar i bygningsvernet. Også metodar for innhenting av informasjon om bygningar frå arkiv og samlingar vil bli berørt.

Læringsutbytte

Ein kandidat som har bestått emnet, er forventa å ha følgjande totale læringsutbytte, definert som kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har grunnleggjande kjennskap til verneteori brukt på bygningsvernet
  • har grunnleggjande kjennskap til bygningsvernets historie
  • har grunnleggjande kjennskap til byggjeskikk og arkitektur- og stilhistorie
  • har overblikk over lovverk som er relevant for bygningsvernet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • har øving i å lese historiske spor i ein bygning
  • kan reflektere over bygningsvern i praksis ut frå konkrete eksempel
  • har øving i å innhente informasjon om bygningar frå arkiv og samlingar
  • kan utføre eit case-basert prosjektarbeid med tilhøyrande kulturminnefaglige drøftingar

Læringsformer og aktiviteter

Forelesingar, demonstrasjonar/instruksjon, ekskursjon/synfaringar, samlingar, nettmøte med diskusjonar og rettleiing, gruppearbeid.

Tre obligatoriske aktivitetar, to av dei knytt til fysiske samlingar og den tredje til ekskursjon. Desse må vere gjennomført og godkjent før den endelige prosjektoppgåva. Aktiv deltaking er nødvendig for å kunne gjennomføre kurset.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatorisk innlevering
  • Obligatorisk innlevering
  • Obligatorisk innlevering

Mer om vurdering

Emnet har to fysiske samlingar og ein heildags ekskursjon som det er knytt arbeidskrav til: Refleksjonsnotat om erfaringar i eigen praksis med bakgrunn i forelesingstema, refleksjonsnotat om bygningsvern i praksis ut frå eksempel demonstrert under ekskursjonen og drøftingsnotat om konfliktar rundt bygningsvern. Emnet har avsluttande case-basert prosjektoppgåve.

Vurdering prosjektoppgåve: bestått/ikkje bestått.

Tekstdelen av prosjektoppgåva skal ha eit omfang på 6-10 sider.

Forkunnskapskrav

Generell studiekompetanse

Kursmateriell

Leseliste og materiell i tilknyting til samlingar og ekskursjon.

Fagområder

  • Kulturminneforvaltning

Eksamen

Eksamen

Vurderingsordning: Oppgave
Karakter: Bestått/ Ikke bestått

Ordinær eksamen - Høst 2026

Oppgave
Vekting 100/100 Eksamenssystem Inspera Assessment