course-details-portlet

TBBY1014 - Introduksjon til stavkonstruksjoner

Om emnet

Nytt fra studieåret 2023/2024

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Oppgave
Karakter: Bestått/ Ikke bestått

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Oppgave 100/100

Faglig innhold

I Noreg har vi ein rik tradisjon med ulike lokale- og regionale typar av tradisjonelle stavkonstruksjonar. Tradisjonelt er mange ulike typar brukshus som ikkje skal vere oppvarma bygd som stavkonstruksjonar. Også kombinasjonar av liggande tømmer og stavar er vanleg mange stader.

Med utgangspunkt i konkrete døme på eldre tradisjonelle stavbygg vil vi gi ei innføring i arbeidsmåtane i bygging av slike bygg. Arbeidet byrjar i skogen der vi vel ut emne med høvelege eigenskapar til dei enkelte delane av bygget. Tømmeret vert så utforma på ulike tradisjonelle måtar slik at det høver som emne til bruk i bygget.

Studentane skal sjølv få høve til å følgje materialane dei har produsert frå skog til ferdig bygg. I arbeidet er det fokus på innføring i bruk av sentrale verktøy som øks, sag, tappjarn, vinkel og ulike tradisjonelle merkeverktøy.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten har kjennskap til:

  • konstruksjonsprinsipp i ulike typar stavbygg med bjelkelag og taklag
  • verkemåten til dei ulike konstruktive delane av tradisjonelle stavbygg
  • ulike kvalitetskrav til material til ulike delar av tradisjonelle stavbygg og takkonstruksjonar

Ferdigheter

Kandidaten kan:

  • ta ut egna tømmer og tilverke emne ferdig til bruk i eit stavbygg
  • utføre vanlege samanføyingar brukt i tradisjonelle stavkonstruksjonar ved bruk av tradisjonelle arbeidsmåtar og verktøy
  • bruke, og halde ved like, tradisjonelle handverktøy brukt til bygging av tradisjonelle stavbygg

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • beskrive dei ulike delane av vanlege stavbygg med tradisjonelle nemningar

Læringsformer og aktiviteter

Studiesamlingar med innføring i det praktiske arbeidet med eigeøving. Øvingsoppgåver, ekskursjonar, feltarbeid, seminar og førelesningar kan inngå.

Kurset er basert på konsentrerte samlingar. Aktiv deltaking på samlingane med følgande øvingsoppgåver er nødvendig for å kunne gjennomføre kurset.

Obligatoriske aktivitetar

  • Obligatorisk deltaking på samlingane
  • Obligatorisk praktiske øvingsoppgåver
  • Obligatoriske oppgåver med skriftleg innlevering

Obligatoriske aktiviteter

  • Deltakelse
  • Praktiske øvingsoppgaver
  • Skriftlige oppgaver

Mer om vurdering

Skriftleg innleveringsoppgåve i slutten av semesteret.

Ved fravær leveres oppgave til ny frist etter avtale med emneansvarlig.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Tradisjonelt bygghandverk (FTTRADBYGG)

Forkunnskapskrav

No mandatory prerequisites.

Kursmateriell

I tillegg til leseliste vil det bli delt ut materiell i knytt til ekskursjonar og feltarbeid som er relevant for dei aktuelle prosjekta vi studerer. Produkt produsert av studenten som del av øvingsoppgåver eller heimeoppgåver høyrar til institusjonen om ikkje anna er avtalt med studenten.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
TBBY2002 5.0 HØST 2022
TBBY2101 10.0 HØST 2022
Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: 1
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Grunnleggende emner, nivå I

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  HØST 2023

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Byggekunst, historie og teknologi
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator: Faglærer(e):

Ansvarlig enhet
Institutt for arkitektur og teknologi

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Oppgave

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Høst ORD Oppgave 100/100 INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU