Emne - Skriving og lesing i begynneropplæringa - SKOLE6033
Skriving og lesing i begynneropplæringa
Vurdering og obligatoriske aktiviteter kan bli endret frem til 20. september.
Om
Om emnet
Faglig innhold
Emnet tek føre seg teoretiske og didaktiske inngangar til skrive- og leseopplæringa i dei første skuleåra.
Gjennom emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om språk- og tekstkompetansen til dei yngste skulebarna, for å kunne legge til rette for god skrive- og leseopplæring. Barn si utprøving av ulike semiotiske ressursar i eiga meiningsskaping vil stå sentralt, som grunnlag for ulike inngangar til lese- og skriveopplæringa. Emnet som heilskap vil vere forankra i teori og nyare forsking. Eit gjennomgåande perspektiv vil vere samspelet mellom elevane sine eigne erfaringar, interesser og ressursar på den eine sida og systematisk opplæring på den andre. Målet er at studentane skal utvikle evna til å ta sjølvstendige og grunngjevne val i arbeidet med å leggje til rette for god opplæring i tidleg skriving og lesing.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har
- teoretisk kunnskap om ulike perspektiv på barn si utvikling av lese- og skrivekompetanse i dei første skuleåra
- brei kunnskap om didaktiske tilnærmingar til tidleg skriving og lesing - inkludert strukturerte og utforskande arbeidsmåtar
- kunnskap om faglege tilnærmingar som kan førebyggje lese- og skrivevanskar og fremje skrive- og leseutvikling hjå elevar med ulik fagleg ståstad og ulik språkbakgrunn
Ferdigheiter
Studenten kan
- leggje til rette for utforskande, kreativt og leikprega arbeid med språk og tekst i den første skrive- og leseopplæringa
- bruke samtale om elevane sine eigne tekstar på hensiktsmessige måtar for å styrkje elevane sitt språklege medvit og utvikle lese- og skrivekompetanse
- vurdere kvar elevane er i lese- og skriveutviklinga si og nytte dette som grunnlag for tilpassa opplæring
- analysere barn sine tekstar med vekt på ulike formål med skrivinga
Generell kompetanse
Studenten kan
- analysere og vurdere relevante problemstillingar knytte til tidleg skrive- og leseopplæring
- gjere seg nytte av innsikter frå forsking på språklæring, skriving og lesing i planlegging og gjennomføring av undervisning
- gjere kritiske vurderingar av undervisningsressursar utvikla for den første skrive- og leseopplæringa
Læringsformer og aktiviteter
Emnet går over eitt semester med tre fysiske samlingar i Trondheim. Oppmøte på samlingane er obligatorisk.
Mellom samlingane blir det lagt opp til sjølvstudium, arbeid med ulike oppdrag og deltaking på læringsplattforma - individuelt og i grupper.
Undervisninga vekslar mellom forelesingar, diskusjonar, praktiske øvingar, tekstseminar og studentpresentasjonar - både munnlege og skriftlege. Arbeidd med akademisk lesing og skriving blir knytt til aktivitetar undervegs.
Obligatoriske aktivitetar:
- Framlegg på samling
- Analyse av elevtekst
- Innhenting av empiri frå eigen praksis (til arbeid på samling og som førebuing til eksamen)
Obligatoriske aktiviteter
- Innsamling av empiri fra egen praksis som forberedelse til eksamen
- Analyse av elevtekst (nynorsk)
- Framlegg på samling (målform på presentasjon: Nynorsk)
- Obligatorisk oppmøte på samlinger
Mer om vurdering
Mellom samlingane skal studentane utføre obligatoriske arbeidsoppdrag. Desse vil mellom anna vere knytte til arbeid med elevar og kollegar på eigen skule. All obligatorisk skriftleg aktivitet i dette emnet skal gå føre seg på nynorsk (inkludert digital presentasjon på munnleg eksamen). Det er krav til 80% oppmøte på samlingar.
Obligatoriske aktivitetar blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende før studenten får gå opp til eksamen.
Eksamen i emnet blir gjennomført som ein todelt munnleg eksamen; først ein presentasjon og deretter ein samtale med tema frå emnet. Presentasjonen skal utarbeidast på grunnlag av ei oppdrag som er gitt på førehand. Tillatne hjelpemiddel her er ein digital presentasjon (PowerPoint eller tilsvarande) og eit notat på inntil 1 maskinskriven side.
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Grunnleggende lese–, skrive– og matematikkopplæring (GLSM) (KGLSM)
Kursmateriell
Pensumliste vil bli offentleggjort gjennom læringsplattform før semesterstart.
Fagområder
- Fagdidaktikk
- Lærer- og lektorutdanning
- Pedagogiske fag