Emne - Kritiske perspektiver på samfunnsfaglærerrollen (5-10) - MGLU5505
MGLU5505 - Kritiske perspektiver på samfunnsfaglærerrollen (5-10)
Om emnet
Vurderingsordning
Vurderingsordning: Skriftlig skoleeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer
Vurdering | Vekting | Varighet | Delkarakter | Hjelpemidler |
---|---|---|---|---|
Skriftlig skoleeksamen | 100/100 | 6 timer | HJELPEMIDD |
Faglig innhold
Størstedelen av emnet siktar mot å etablera ein kritisk akademisk og profesjonsetisk sjølvrefleksivitet omkring det å vera samfunnsfag-lærar knytt til det normative grunnlaget for samfunnsfaget, spesifikt kopla til sentralt skulefagleg innhald 5-10 og sett i eit skule- og danningshistorisk perspektiv. Emnet tek utgangspunkt i profesjonssosiologiske innsikter og teoriapparat, og nyttar statsvitskaplege og historiske inngangar til å vurdera rolla som samfunnsfaglærar. Vitskapsfaglege og samfunnsfagdidaktiske omgrep som politisk kultur/historiekultur og historiemedvit, historiebruk, ideologisk hegemoni og påverknad vil då vera sentrale. Emnet vil tematisera samfunnsfagtradisjonar i heile spennet frå reflekterande og forsvarleg normativ påverknad til propaganda, og sjå dette i samanheng med eit kritisk analyserande blikk på utviklingslina frå skulen (med sine samfunnsfaglege læringsbodskap) som eit rom i den norske «folkedanningsheimen» til skulen som ein tenesteproduserande institusjon der samfunnsfaglæraren er funksjonær for produksjon av målstyrt læring. Etiske dilemma knytte til målstyrt opplæring mot fastsette verdisett som t.d. demokrati, solidaritet, likestilling og toleranse, vil og verta tematiserte. I den andre delen av emnet kan studenten sjølv velja fordjupingstematikk med tilhøyrande lesepensum på om lag 400 sider. Fordjupingstematikken kan vera eit fagleg og/eller fagdidaktisk kunnskapsområde, og bør nyttast som ein veg fram mot avansert kunnskap i eit fagområde studenten skal arbeida med i masteroppgåva. Tilgjengelege val vert kunngjort ved semesterstart, men andre val kan godkjennast etter søknad til seksjonens mastergradsutval. Fordjupingspensum skal liggja på mastergradsnivå og må byggja vidare på kunnskapsinnhald tidlegare i studiet.
Læringsutbytte
KUNNSKAP
Studenten
- har avansert og sjølvrefleksiv kunnskap om samfunnsfagets normative grunnlag og samfunnsmessige funksjon.
- har avansert kunnskap om teori, omgrepsapparat og relevante forskingsresultat frå profesjonssosiologien
- har inngåande kunnskap om historiemedvit, historiebruk og politisk kultur som forskingsfelt.
- har avansert kunnskap om den danningshistoriske utviklinga for og omkring skulefaget
- har inngåande kunnskap om dilemma i det demokrati- og medborgaroppdraget samfunnsfaget har.
- har avansert kunnskap innanfor sjølvvald pensumdel.
FERDIGHETER
Studenten
- kan analysera samfunnsfagets notidige og fortidige rolle og funksjon i samfunnet med utgangspunkt i samfunnsfagsdidaktiske teoriar og sentralomgrep og samanlikna dette i tid og rom.
- kan vurdera og analysera ulike syn på profesjonsetisk plattplattform og implikasjonane desse kan ha for profesjonsutøving.
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan praktisera samfunnsfaget i skulen med gjennomtenkt og forsvarleg ballanse mellom ulike verdiar og profesjonsetiske omsyn og mellom medviten påverknad og ope demokratisk praksis.
- kan velja ut nye faglege og/eller fagdidaktiske kunnskapsområde for fagleg fordjuping på høgt nivå til bruk for eige forskings- eller utviklingsarbeid.
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar, seminar med studentinnlegg og diskusjonar, øvingar, sjølvstudium og arbeid i grupper. På sjølvvald pensum vert det organisert kollokviegrupper for klynger av studentar som har vald samanfallande førehandsgodkjend særpensum. Oppfylgjing av desse etter avtale med emneansvarleg. Studentar som får godkjend søknad om eige særpensum kan avtala oppfylgjing frå faglærar dersom det er kapasitet til dette - etter avtale med emneansvarleg.
Obligatoriske aktiviteter
- Godkjenning av selvvalgt pensum
- Individuell muntlig presentasjon
Mer om vurdering
Obligatoriske arbeidskrav (som skal være godkjent før eksamen):
- Godkjenning av selvvalgt pensum
- Individuell muntlig presentasjon
Eksamen:
Individuell skriftlig skoleeksamen, 6 timer. Tillatte hjelpemidler på eksamen: læreplanen.
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10) - enkelte retninger
Anbefalte forkunnskaper
Bestått 30 studiepoeng i samfunnsfag på masternivå i grunnskulelærerutdanningens fjerde studieår, eller tilsvarande.
Forkunnskapskrav
Bestått samfunnsfag 1 (30 studiepoeng) og skriftlig eksamen i samfunnsfag 2.
Kursmateriell
Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.
Ingen
Versjon: A
Studiepoeng:
15.0 SP
Studienivå: Høyere grads nivå
Termin nr.: 1
Undervises: HØST 2024
Undervisningsspråk: Norsk
Sted: Trondheim
- Lærer- og lektorutdanning
- Samfunnsfag
Ansvarlig enhet
Institutt for lærerutdanning
Eksamensinfo
Vurderingsordning: Skriftlig skoleeksamen
- Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
- Høst ORD Skriftlig skoleeksamen 100/100 HJELPEMIDD 13.12.2024 09:00 INSPERA
-
Rom Bygning Antall kandidater SL310 turkis sone Sluppenvegen 14 17 - Vår ORD Skriftlig skoleeksamen 100/100 HJELPEMIDD INSPERA
-
Rom Bygning Antall kandidater
- * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"