course-details-portlet

MGLU4509 - Nasjon, folkestyre og globalisering for samfunnsfag (5-10)

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Skriftlig skoleeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurdering Vekting Varighet Delkarakter Hjelpemidler
Skriftlig skoleeksamen 100/100 6 timer HJELPEMIDD

Faglig innhold

I det fyrste hovudområdet i emnet byggjer me vidare på fagleg innhald i Samfunnsfag 1 del 2 og Samfunnsfag 2 ved å analysera framvoksteren av europatankar og fylgja prosessen fram mot dagens EU. Saman med det storpolitiske biletet i etterkrigstida og viktige økonomiske utviklingsliner, skal den økonomiske globaliseringa også trekkjast inn i ei overordna drøfting av forfatning, nasjon og demokrati, men med særleg vekt på Noreg og diskusjonar og konfliktar om politisk og økonomisk globalisering og verknadene desse prosessane har på det norske samfunnet og på folkestyret. Globaliseringsvenlege og globaliseringskritiske posisjonar og ytringar koplar tematikken med det andre hovudområdet i emnet: Ytring og media i fortid og notid. Dette skal studerast med fokus på fagskriving, tekst- og diskursanalyse og kritisk tenking i samfunnsfag, ein tematikk der forskarblikk og forskingsmetode møter skulefag, grunnleggjande ferdigheiter i samfunnsfag og samfunnsfagdidaktisk tenking. Dei fleste av casestudia vil vera henta frå ordskifte og medieytringar om Noregs plass i Europa og verda etter 1945.

Læringsutbytte

KUNNSKAP

Studenten:

  • har avansert kunnskap om tilhøvet mellom nasjon, folkestyre og globalisering og om konsekvensar for forfatninga av globaliseringsutviklinga.
  • har inngåande kunnskap om internasjonal arbeidsdeling og ulike former for internasjonalt samarbeid
  • har avansert kunnskap om utviklinga fram imot samtidas EU, om styrings- og demokratiutfordringar i denne unionen og om korleis konfliktar knytte til globalisering har påverka skiljeliner og samarbeidsmønster i norsk politikk etter 1945.
  • har avansert kunnskap om aktørar, posisjonar, interesser og konfliktar i spørsmål som vedkjem Noregs tilhøve til inter- og overnasjonale samarbeidsformer
  • har inngåande kunnskap om ytringsformer i det offentlege rommet, om retoriske teknikkar og om medias skiftande rolle som kulisse for og aktør i meiningsdanning.
  • har avansert kunnskap om fagskriving, tekst- og diskursanalyse både som inngang til forsking og som utgangspunkt for kritisk dannande samfunnsfagundervisning.

FERDIGHEITER

Studenten:

  • kan analysera og forholda seg kritisk til forsking om globalisering og bruka denne innsikta i undervisninga.
  • kan bruka diskurs- og tekstanalyse i eiga fagskriving og som utgangspunkt for fagdidaktisk tilrettelegging for skulen.
  • kan finna, vurdera, velja og bruka mediekjelder i tilrettelegging for samfunnsfagleg læring.
  • kan vurdera munnlege og skriftlege elevtekstar om politiske tilhøve og konfliktar.

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • kan analysera offentleg meiningsdanning og meiningsbryting med utgangspunkt i innsiktene frå masterfaget.
  • kan analysere og vurdere relevante faglige og etiske problemstillinger knyttet til mediebruk

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, sjølvstendig arbeid og arbeid i grupper. Seminar. «Kollegaveiledning». Løysing av obligatoriske og andre oppgåver individuelt og i grupper.

Obligatoriske aktiviteter

  • Obligatoriske arbeidskrav iht emnebeskrivelsen

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav:

  • deltaking på introduksjonsøkt.
  • godkjend to individuelle skriveøvingar etter «kollegarettleiing» i grupper.
  • godkjend eitt seminarinnlegg førebudd i grupper, og eitt «opposisjonsinnlegg» førebudd i grupper.
  • godkjend ein gruppeinnlevert lese, diskusjons- og øvingslogg etter retningsliner kunngjort ved semesterstart. Obligatorisk deltaking i seminar knytt til gruppeinnlevering, deltaking på minimum 2 av 3 seminarøkter

Ved skriftleg skuleeksamen er godkjende geografiske og historiske atlas og kalkulator type A tillatne hjelpemiddel.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10) - enkelte retninger

Forkunnskapskrav

Studenten må ha bestått samfunnsfag 1 og gjennomførd samfunnsfag 2 for å kunna starta på emne i syklus 2. Bestått forståast som at studenten har fullført og bestått eksamen i emnet. Gjennomført blir forstått som at alle obligatoriske arbeidskrav i emnet er godkjent, med andre ord at studenten er eksamensklar.

Kursmateriell

Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: A
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Høyere grads nivå

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  HØST 2023

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Lærer- og lektorutdanning
  • Samfunnsfag
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator:

Ansvarlig enhet
Institutt for lærerutdanning

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Skriftlig skoleeksamen

Termin Statuskode Vurdering Vekting Hjelpemidler Dato Tid Eksamens- system Rom *
Høst ORD Skriftlig skoleeksamen 100/100 HJELPEMIDD 16.12.2023 09:00 INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
SL311 orange sone Sluppenvegen 14 2
SL410 blå sone Sluppenvegen 14 20
Vår UTS Skriftlig skoleeksamen 100/100 HJELPEMIDD 25.05.2024 09:00 INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
SL110 turkis sone Sluppenvegen 14 1
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU