course-details-portlet

MGLU3510 - Makt, demokrati og undervisning i samfunnsfag (5-10)

Om emnet

Vurderingsordning

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Vurderingsform Vekting Varighet Hjelpemidler Delkarakter
Hjemmeeksamen 100/100 6 timer A

Faglig innhold

Emnet har tre faglege tyngdepunkt, som grip inn i kvarandre på fleire punkt.

For det fyrste inneheld emnet utvalde periodar og tema frå norsk og internasjonal politikk etter 1750, med vekt på demokratiutvikling, innføring i demokratiteori og norske og internasjonale konfliktar.
For det andre økonomiske utvikling og natur- og miljøpolitiske utfordringar i nyare tid, med vekt på samtida.

Det tredje fokusområdet tematiserer sentrale spørsmål i forvaltninga av skulefaget: overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen og frå ungdomsskulen til vidaregåande opplæring, års- og periodeplanlegging, elevvurdering og eksamen, kjeldebruk og samfunnsfagdidaktiske teoriar og innsikter med relevans for tematikkane i studiet, t.d. demokratiopplæring og museums- og arkivdidaktikk.

Læringsutbytte

KUNNSKAP
Kandidaten
- har brei kunnskap om utvalde periodar, tema og perspektiv på norsk og internasjonal politikk etter 1750, med vekt på konfliktar i Noreg i komparativt perspektiv.
- har brei kunnskap om økonomisk utvikling og om natur- og miljøpolitiske utfordringar i nyare tid
- har brei kunnskap om aktørar, strukturar, prosessar, interesser, ideologiar og makttilhøve
- har brei kunnskap om forskingsmetodar for tekstanalyse og om fagdidaktiske tilpassingar for bruk av desse i skulen.
- har brei kunnskap om overgangen mellom barnesteg og ungdomssteg og mellom ungdomssteg og vidaregåande opplæring, og kjenner til utviklingsarbeid innanfor desse felta.
- har brei kunnskap om samfunnsfagdidaktiske teoriar, tradisjonar og sentralomgrep

FERDIGHEITER
Kandidaten
- kan trekkja liner mellom temaområda innanfor emnet og forklåra korleis dei grip inn i kvarandre.
- kan bruka vitskapsfaglege innsikter og kunnskap om skulefaget til å planleggja og gjennomføra samfunnsfagundervisning som fremjer progresjon i læring.
- kan vurdera tilhøvet mellom kunnskapar, ferdigheiter og haldningar i skulefaget samfunnsfag og kan arbeida med verdiar og haldningar.
- kan samarbeida i skriveprosessar fram mot akademiske tekstar som byggjer på skriftlege kjelder og bruk av kjeldekritiske ferdigheiter.
- kan reflektera over og praktisera samfunnsfaget som arena for ope og demokratisk meiningsbryting og for læring om demokrati og samfunnsdeltaking.

GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
- kan finna fram til elektroniske læringsressursar og kjelder og oppdatera seg fagleg.
- kan reflektera sjølvstendig over samfunnsfaglege spørsmål.
- kan tilpassa opplæringa til elevar som treng ulike mengder og ulike typar faglege utfordringar og støtte.

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, sjølvstendig arbeid og arbeid i grupper. Seminar. Løysing av obligatoriske og andre oppgåver individuelt og i grupper. Ekskursjon/byvandring. Praksis i skulen.

Obligatoriske aktiviteter

  • Deltaking på introduksjonsøkt
  • Deltaking på historisk/geografisk byvandring i Trondheim
  • Godkjend grunngjeve årsplan og periodeplan i samfunnsfag utarbeidd i grupper
  • Godkjend individuell praksisoppgåve eller godkjend oppgåve med bakgrunn i samfunnsfaglege skuledata
  • Godkjend metodeoppgåve utarbeidd i grupper
  • 2 godkjende skriftlege oppgåver løyst individuelt eller i grupper
  • 1 kort munnleg presentasjon førebudd i grupper

Mer om vurdering

Individuell skriftleg skuleeksamen, 6 timar. Godkjende geografiske og historiske atlas og kalkulator type A er tillatne hjelpemiddel.

Spesielle vilkår

Vurderingsmelding krever godkjent undervisningsmelding samme semester. Obligatorisk aktivitet fra tidligere semester kan godkjennes av instituttet.

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10)

Kursmateriell

Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra Til
MGLU2507 15.0 01.09.2017
Flere sider om emnet

Ingen

Fakta om emnet

Versjon: A
Studiepoeng:  15.0 SP
Studienivå: Tredjeårsemner, nivå III

Undervisning

Termin nr.: 1
Undervises:  HØST 2020

Undervisningsspråk: Norsk

Sted: Trondheim

Fagområde(r)
  • Lærer- og lektorutdanning
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator:

Ansvarlig enhet
Institutt for lærerutdanning

Telefon:

Eksamensinfo

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen

Termin Statuskode Vurderings-form Vekting Hjelpemidler Dato Tid Digital eksamen Rom *
Høst ORD Hjemme-eksamen (1) 100/100 A

Utlevering 03.12.2020

Innlevering 03.12.2020

Utlevering 09:00

Innlevering 15:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
Vår UTS Hjemme-eksamen (2) 100/100 A

Utlevering 25.05.2021

Innlevering 25.05.2021

Utlevering 09:00

Innlevering 15:00

INSPERA
Rom Bygning Antall kandidater
  • * Skriftlig eksamen plasseres på rom 3 dager før eksamensdato. Hvis mer enn ett rom er oppgitt, finner du ditt rom på Studentweb.
  • 1) Merk at eksamensform er endret til hjemmeeksamen som et smittevernstiltak i den pågående koronasituasjonen. Please note that the exam form has changed to home examination as a preventive measure in the ongoing corona situation.
  • 2) Merk at eksamensform er endret som et smittevernstiltak i den pågående koronasituasjonen. Please note that the exam form has changed as a preventive measure in the ongoing corona situation.
Eksamensinfo

For mer info om oppmelding til og gjennomføring av eksamen, se "Innsida - Eksamen"

Mer om eksamen ved NTNU