Emne - Norsk 2 (1-7): Lesing, skriving og muntlighet i ulike tekstkulturer - MGLU3101
Norsk 2 (1-7): Lesing, skriving og muntlighet i ulike tekstkulturer
Om
Om emnet
Faglig innhold
Norsk 2 bygger på Norsk 1 og omfattar norskundervisning for trinn 1-7. Emnet gir historisk bakgrunn og god kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i norskundervisninga på mellomtrinnet. Emnet gir eit betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får òg gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Gjennom skriving av ei rettleidd FoU-oppgåve vil studentane få fordjupe seg spesielt i eit norskfagleg perspektiv som er relevant for trinn 1-7. Undervisning i vitskapleg metode blir knytt til arbeid med FoU-oppgåva. Hovudområde 1: I dette området skal studentane få kunnskap om litteraturhistorie og ulike litteraturteoretiske perspektiv. Tekstar frå norsk skjønnlitteratur og sakprosa blir sette inn i ein historisk samanheng, og teksttypar frå ulike medium blir studerte og vurderte. Studentane skal også få kunnskap om kommunikasjon i ulike medium og teoretisk kunnskap om samansette og digitale tekstar. Hovudområde 2: I dette området skal studentane vidareutvikle kunnskapen sin om norsk språk (system og bruk). Her er vi mellom anna innom språklege endringsprosessar, talemålsvariasjon, språkmangfold og flerspråklighet i norskfaget. Studentane skal og få videreutvikle kunnskap om munnleg og skriftleg kommunikasjon. Ulike munnlege og skriftlege sjangrar blir utforska, og det blir arbeidd med analyse og vurdering av elevtekstar frå ulike trinn. Målet er at studentane som norsklærarar skal kunne arbeide kreativt og systematisk med munnlege og skriftlege sjangrar , slik at elevar med ulike føresetnader kan utvikle sine munnlege og skriftlege ferdigheiter.
Læringsutbytte
Emnet er inndelt i to like store hovudområde som går parallelt i vårsemesteret. Læringsutbytteformuleringane blir ivaretekne i begge hovudområda.
KUNNSKAP
Studenten
- har kunnskap om litteraturhistorie og ulike litteraturteoretiske perspektiv, og brei kunnskap om skjønnlitteratur i ulike sjangrar
- Har brei kunnskap om litteratur- og språkdidaktiske tilnærmingar
- har god kunnskap om munnleg kommunikasjon og den vidare opplæringa i lesing og skriving
- har brei kunnskap om språket som system, språkleg variasjon og språket i bruk
- har kunnskap om samisk språk, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
FERDIGHEITER
Studenten
- kan bruke tekst- og litteraturkunnskap , grammatikk og språkkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og saktekstar i tradisjonelle og moderne medium
- kan legge til rette for at elevar på 1.-7. trinn lærer å lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
- kan gi tilpassa opplæring i munnleg og skriftleg norsk for elevar med varierande ferdigheiter i norsk og elevar med norsk som andrespråk
- kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i lese- og skriveopplæringa
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på 1.-7. trinn
Læringsformer og aktiviteter
Studentane vil møte varierte arbeidsformer og både formative og summative vurderingsformer. Undervisninga vil i stor grad vere seminarbasert. Studiet fordrar derfor stor eigenaktivitet av studentane. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, gjennom arbeid i grupper og gjennom læringsplattforma. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar. Vidare er det forventa at studentane bruker biblioteket aktivt og møter førebudde til undervisninga.
Obligatoriske aktiviteter
- Obligatoriske arbeidskrav iht. emnebeskrivelsen
Mer om vurdering
Vurderinga er todelt og kjem ved semesterslutt:
- Delvurdering 1 består av ei individuell FoU-oppgåve. Alle hjelpemiddel er tillatne.
- Delvurdering 2 består av en individuell munnleg eksamen. Individuelt munnleg framlegg med påfølgjande eksaminering. Retningsliner for munnleg eksamen blir gitt ved semesterstart. Alle hjelpemiddel er tillatne i førebuingstida.
FoU-oppgåva er knytt til eitt av dei to hovudområda. Munnleg eksamen legg hovudsakleg vekt på tema innan det hovudområdet som ikkje er knytt til FoU-oppgåva. Dersom ein kandidat ikkje består emnet, er det tilstrekkeleg å ta opp igjen den delvurderinga som er vurdert til stryk. Ved stryk på FoU-oppgåva er det høve til å levere forbetra oppgåve til vurdering éin gong (blir rekna som eksamensforsøk nummer to). Ved tredje eksamensforsøk må det leverast ei heilt ny oppgåve. Dersom ein kandidat ynskjer å forbetre karakteren i emnet, kan ho sjølv velje om ho vil ta opp berre den eine eller begge delvurderingane.
Det er høve til å klage på delvurderingar i emnet (gjeld ikkje munnleg eksamen).
Studentane kan bli vurderte og pålagde arbeidskrav og oppmøte i samband med fellesfaglege tema.
Obligatoriske arbeidskrav:
I hovudområde 1 består arbeidskravet av:
- Gruppearbeid med produksjon av samansett tekst.
- Munnleg framlegg i gruppe.
Frammøte er obligatorisk både til gruppearbeidet og det munnlege framlegget.
I hovudområde 2 består arbeidskravet av ei skriftleg innlevering i par eller gruppe. Innleveringa skal skrivast i den målforma som ikkje vert nytta i FoU-oppgåva.
I tillegg er det obligatorisk å delta på inntil tre rettleiingsøkter knytt til FOU-oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav vert vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. Kandidatar som risikerer å bli nekta å gå opp til eksamen pga. manglande arbeidskrav, skal varslast om dette, jf. gjeldande studieforskrift ved NTNU.
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 1.-7. trinn (MGLU1-7) - enkelte retninger
Anbefalte forkunnskaper
Studenten bør ha gjennomført Norsk 1, emne 1 og 2, eller tilsvarende for å kunne starte på Norsk 2. Gjennomført forstås her som at alle obligatoriske arbeidskrav er godkjent, med andre ord at studenten er eksamensklar.
Kursmateriell
Endelig pensumliste legges ut på Blackboard før studiestart.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| LGU13011 | 15 sp | Høst 2019 |
| LGU13008 | 15 sp | Høst 2019 |
Fagområder
- Lærer- og lektorutdanning
- Norsk (norrøn)
Kontaktinformasjon
Emneansvarlig/koordinator
Ansvarlig enhet
Eksamen
Eksamen
Utsatt eksamen - Høst 2025
Muntlig eksamen (1)
- Øvrige kommentarer
- 1) Kjøreplan for muntlig eksamen blir lagt ut i Blackboard.
Oppgave
Innlevering 19.12.2025 Tid Utlevering 09:00
Innlevering 09:00 Eksamenssystem Inspera Assessment
Ordinær eksamen - Vår 2026
Muntlig eksamen (2)
Til 05.06.2026 Varighet 25 minutter
- Øvrige kommentarer
- 2) Kjøreplan for muntlig eksamen blir lagt ut i Blackboard.
Oppgave
Innlevering 13.05.2026 Tid Utlevering 09:00
Innlevering 09:00 Eksamenssystem Inspera Assessment