Emne - Norsk 1 (5-10) emne 2: Lesing, skriving og muntlighet - MGLU1502
Norsk 1 (5-10) emne 2: Lesing, skriving og muntlighet
Vurdering og obligatoriske aktiviteter kan bli endret frem til 20. september.
Om
Om emnet
Faglig innhold
Norsk 1, emne 2 legg vekt på literacy og dei grunnleggande ferdigheitene, lesing, skriving og munnlegheit. Studiet legg opp til variert arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den vidare lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk.
Læringsutbytte
KUNNSKAP
Studenten
- har omfattande kunnskap om lesing, skriving og munnleg kommunikasjon og om funksjonar som desse språkferdigheitene kan ha for elevars utvikling og læring
- har brei kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege og multimodale tekstar i ulike medium
- har brei kunnskap om relevante teoriar og metodar i den vidare lese-, skrive- og munnlegopplæringa, med vekt på mellomtrinnet
- har brei kunnskap om vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale elevtekstar i ulike sjangrar og medium
- har kunnskap om nasjonale prøver og andre kartleggingsverktøy
- har kunnskap om ulike typar norskfaglege læremiddel, digitale og andre
- har byrjande kunnskap om nokre forskningsmetodar i norskfaget og kunnskap om etikk knytt til forskning som involverer elevar
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
FERDIGHEITER
Studenten
- kan bruke og vurdere relevant teori, relevante undervisningsmetodar og ny teknologi i den vidare lese- og skriveopplæringa
- kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege og multimodale tekstar i ulike medium - kan tilpasse den vidare lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og nynorsk
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klasseromsamtalar med tanke på munnleg opplæring, med vekt på mellomtrinnet
- kan kartlegge og vurdere elevars lesing, skriving og munnlegheit og gi elevtilpassa, læringsfremjande respons
- kan vurdere ulike former for norskfaglege læremiddel, digitale og andre - meistrar skriftleg nynorsk og kan undervise elevar i begge målformer, med kunnskap om den norske språksituasjonen som grunnlag.
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan formidle norskfaglege innsikter knytte til arbeid med både skriftlege og munnlege tekstkulturar, og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
- kan nytte faglege kunnskapar om skriftlege og munnlege tekstkulturar til kritisk og konstruktiv refleksjon kan leggje til rette for at arbeidet med skriftlege og munnlege tekstar kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
Læringsformer og aktiviteter
Studiet inneber både fellesførelesningar, undervisning i seminarform og arbeid i mindre grupper. Studentane skal gjennom studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, også gjennom kollokviegrupper og gjennom læringsplattforma. Ved sida av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking i studiet.
Obligatoriske aktiviteter
- Obligatoriske arbeidskrav iht. emnebeskrivelsen
Mer om vurdering
(informasjonen kan bli endret frem til 15. juni)
Obligatoriske aktivitetar/arbeidskrav:
- Fagtekstar
- Øvingar
- 75% obligatorisk deltaking i undervisning og verkstadarbeid
- Studentane kan bli vurderte, pålagde arbeidskrav og oppmøte knytte til fellesfaglege tema
Vurderingsordning for emnet:
- Obligatoriske arbeidskrav består av fleire fagtekstar. Det blir gitt formative tilbakemeldingar på arbeidskrava i løpet av semesteret. Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan ta eksamen. Eksamensforma er ei individuell eksamensmappe som består av inntil tre fagtekstar og ein refleksjonstekst som har blitt vidareutvikla til eksamensbidrag. Bidraga er valde i samråd med/av faglærar.
- Sentralt i emnet er studentane si evne til å formidle og diskutere norskfaglege tematikkar. Sjølvstende og evne til kritisk problemløysing samt språkføring og framstillingsevne blir vurdert. Bruk av KI som tekstgenerator og omsetjingsverktøy er derfor ikkje tillate.
Målform: nynorsk. Informasjon om omfang, innhald og innleveringsform blir kunngjort tidleg i semesteret.
Ikkje bestått eksamensmappe kan bli revidert og levert på nytt som utsett eksamen påfølgande semester. Om eksamensmappa er vurdert som ikkje bestått til ordinær eller utsett eksamen, må kandidaten levere ei ny eksamensmappe i tråd med gjeldande mappeoppgåver det studieåret.
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10) - enkelte retninger
Anbefalte forkunnskaper
Stått eksamen i Norsk 1, 1 -5, emne 1: Språk og litteratur eller tilsvarande.
Kursmateriell
Endelig pensumliste legges ut på Canvas før studiestart.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| LGU51009 | 15 sp | Høst 2017 |
Fagområder
- Lærer- og lektorutdanning
- Norsk (norrøn)