Studietur og utveksling

Studietur og utveksling

Eit studieopphald i eit fransktalande land er av stor verdi når du studerer fransk. Du blir kjend med fransk språk og kultur på ein måte som elles ikkje er mogleg, og du får høve til å betre språkferdigheitene dine.

Utvekslinga kan leggjast til 2. eller 3. år og har vanlegvis ei varigheit på eitt eller to semester. Du bør starte med planlegginga av utanlandsopphaldet allereie i første studieår.

Du kan ta breddeår/fag 2 i utlandet, eller du kan velje å ta fordjupingsemne i fransk. 

Kvar kan eg studere?

Ved universitetet i Caen kan du ta ein semesterpakke med påbyggingsemne i fransk i haust- eller vårsemesteret. Den blir automatisk førehandsgodkjend som erstatning for 30 studiepoeng med påbyggingsemne i fransk.

Andre relevante stader: 

Sjå NTNUs avtaledatabase for fullstendig oversikt over avtalar. Du finn lenke til denne, og all annan relevant informasjon, på denne sida.


Studietur til Caen

I andre semester av studiet kan du dra på eit femvekers kurs ved Det fransk-norske studiesenteret i Caen i Normandie. Studieopphaldet i Frankrike gir deg eit unikt høve til å bli betre kjent med fransk kultur og å auka språkferdigheitene dine tidleg i studiet.


Studietur og utveksling