IMT - PhD
Doktorgradsstudiar i eit verdsleiande forskingsmiljø
Havet er ein nøkkelressurs for å løyse ei rekkje utfordringar - som berekraftig transport, energi og matproduksjon for ei veksande global befolkning.
Som ph.d.-kandidat ved Institutt for marin teknikk (IMT) vil du bidra til forsking som kan gi reell samfunnseffekt.
IMT har eit verdsleiande forskings- og utdanningsmiljø innan marin teknologi - fagområde som er viktige både for norsk økonomi og for framtida i verda.
Som ein del av vårt ph.d.-miljø vil du
- jobbe med internasjonalt anerkjende forskarar i forskingsfronten av sine fagfelt
- få tilgang til moderne laboratorium og det største sivile marine forskingssenteret i den vestlege verda
- bli ein del av eit internasjonalt forskingsmiljø med rundt 70 ph.d.-kandidatar frå heile verda
- utvikle kompetanse som er høgt verdsett i akademia, næringsliv og offentleg sektor
Ph.d.-programmet varer normalt i tre år og kombinerer kurs med sjølvstendig forsking som munnar ut i doktorgradsavhandlinga di.
Klar for neste steg?
Utforsk våre ledige ph.d.-stillingar og bli ein del av eit forskingsmiljø som formar morgondagens berekraftige havnæringar.
Ta kontakt med Institutt for marin teknikk for meir informasjon på e-post, eller sjå nettsidene til Fakultet for ingeniørvitenskap (link to English page)
