Kva er telematikk?

Kva er telematikk?

Illustrasjonsfoto: studenter i arbeid

Fagområdet telematikk handlar om kommunikasjonsnettverk og nettverkstjenester og omfattar både teknologiske, samfunnsmessige og økonomske aspekter av feltet.

Ordet "telematikk" kjem av "tele", frå telekommunikasjon, og "matikk" frå informatikk. Telematikk ligg derfor i skjæringspunktet mellom desse to fagfelta. Omgrepet oppstod i Frankrike seint på 70-talet og var opprinneleg knytt til teknologiaspektet av fagområdet. I Europa er ordet telematikk velkjent og mykje brukt. Det er det ikkje i USA. I Japan blir telematikk mest brukt om informasjons- og kommunikasjonsteknologi i bilar.

"Telematikk – nett og tenester" er eit fordjupingsemne innan det 5-årige studieprogrammet Kommunikasjonsteknologi. I studieprogramsammanheng er den opprinnelege definisjonen frå 70-tallet utvida: Faget blir sett inn i ein mellommenneskeleg, samfunnsmessig og organisasjonsmessig sammanheng og det blir undervist i teknologiaspektet, forretningsaspektet og brukaraspektet.