Om oss

Om oss

Institutt for historiske og klassiske studiar er eit institutt med ca 60 tilsette, der halvparten er vitskapleg tilsette i fast stilling. Omkring 55 % av instituttet sine faste vitskaplege tilsette er professorar. Vi har ein høg kvinnedel blant faste tilsette, og halvparten av kvinnene i faste vitskaplege stillingar er professorar. Administrasjonen består av fem tilsette, inkludert kontorsjef. Vi er eit internasjonalt miljø og har tilsette frå 11 land.

Instituttet har fire studieprogram, arkeologi, europastudiar, klassiske fag og kulturminneforvaltning. Vi samarbeider med Institutt for moderne samfunnshistorie om bachelorprogrammet, masterprogrammet og lektorprogrammet i historie.

Fagmiljøet vårt driv aktiv utvikling av undervisning og utdanning. Vi deltek i ein Jean Monnet-modul, som er eit europeisk samarbeidsprosjekt for studentaktiv læring om EU, instituttet har ein tilsett med status som merittert undervisar, fagmiljøet har hatt fleire prosjekt under paraplyen NTNU Toppundervisning, og to av våre tilsette har vunne kåringane til studentane av beste forelesar.

Instituttet har stor forskingsaktivitet og våre tilsette utmerker seg internasjonalt på mange felt. Ein av våre tilsette er æresprofessor ved Durham University, og vi har tilsette som har fått støtte og opphald ved CAS, eit senter for framifrå grunnforsking. Ein av forskarane våre har vunne Verbruggen Prize for beste verk innan militærhistoria til mellomalderen, ein tilsett er Global Fellow with the Wilson Center's Global Europe Program og vi har ein medlem i The Young Academy of Europe, eit vitskapsselskap for framifrå unge forskarar.

Våre tilsette er også viktige samfunnsaktørar. Ein av professorane våre har bidrege i utgreiinga til regjeringa av avtalar med EU og fagmiljøet vårt har m.a. hatt ei viktig rolle i utforminga av 22. juli-senteret og vore ein rådgivar i utviklinga av Utøya etter terroren 22. juli 2011. Ein av arkeologane våre har vore prosjektleiar for NTNU Vitskapsmuseet sine arkeologiske utgravingar ved Ørland Kampflybase frå 2015 - 2019.

Instituttet publiserte ny instituttstrategi i 2021.

Landskapsbilde av NTNU/Dragvoll. Photo: Åshild Berg-Tesdal/NTNU


Kontakt

Kontakt


  Ansatte

  Ledige stillinger

  Om oss


   (+47) 735 96440

  Kontakt oss

For studierelaterte spørsmål:
studieveiledning-ihs@hf.ntnu.no 
(skriv hva du studerer)

Adresser


Besøks- og leveringsadresse:


Edvard Bulls veg 1
NTNU Dragvoll
Bygg 11, nivå 5
7491 Trondheim


Postadresse:

NTNU
Institutt for historiske og klassiske studier
v/navn på person
N-7491 Trondheim