Vitenskapsteoretisk forum
Vitforum
Vitforum (Vitskapsteoretisk forum) søker å fremje grunnleggjande faglege diskusjonar på tvers av disiplinære og institusjonelle skiljelinjer ved NTNU. Studentar og andre interesserte, uavhengig av fagleg bakgrunn eller tilknyting, er spesielt velkomne.
Frå og med hausten 2025 starta Vitforum eit samarbeid med Program for anvend etikk. Frå og med vårsemesteret 2026 tar vi sikte på fire møter per semester, alle på Habitat Craftbar på tysdagar kl. 18-20 (med mindre annet oppgis). Programmet finn du nedanfor.
Arrangement
Om vitforum
Vitskapsteoretisk forum blei starta opp i 1982 og leia i mange år av Helge Høibraaten. Vitskapsteori omfattar både vitskapsfilosofi, vitskapshistorie, vitskapssosiologi og andre former for vitskapleg studium av vitskap, og blir forstått i vår samanheng svært vidt. Spesielt ønskjer forumet å huse relevante og samfunnsaktuelle diskusjonar rundt vitskapens og fagdisiplinanes filosofiske og normative grunnlag, forholdet mellom dei ulike vitskapstradisjonane, forholdet mellom vitskap og etikk/politikk, samt forholdet mellom vitskap og teknologi, vitskap og kunst, og vitskap og innovasjon.
Vitskapsteoretisk forum på Facebook