Nanomekanikk

Nanomekanikk

Ved hjelp av nanoteknologi kan ein utvikle nye material for eit bredt spekter av applikasjonar. Nanomekanikk er ei grein av nanoteknologi som prøvar å forstå dei fundamentale mekaniske eigenskapane til desse materiala. Ved å integrere nanomekanikk i konstruksjonsteknikk vil ein kunne skape nye materialar, oppdage unike eigenskapar, og komme med nye løysningar for å bygge komplekse, strukturelle system. Korleis det å integrere nanoelement i makrosystem påverkar eigenskapane til ein struktur er eit av dei store spørsmåla som treng svar. I denne landsbyen får studentane moglegheita til å sette seg inn i dei nyaste oppdagingane innan nanomekanikk, og veljar sjølv kva dei vil fordjupe seg i.

Relevant kompetanse

Gruppene veljar sjølv temaet dei vil sette seg inn i etter interesse og kunnskap i gruppa. Basiskunnskapar innan materialar, nanoteknologi eller konstruksjonsteknikk er ein fordel, men ikkje naudsynt. 

Om landsbyen

Nanomekanikk er studie og karakteriseringa av den mekaniske oppførselen til nanomaterial så vel som materialsystem og strukturar på nanoskala. Hittil så har nanomekanikk blitt utvikla og implementert i relativt nye felt, som funksjonelle material, mikro- og nanoelektronikk, nanofluid og biomedisin, men bruken i tradisjonelle felt som konstruksjonsteknikk er ikkje veletablert enno. I denne landsbyen vil gruppa sjølv kunne velje kva slags felt dei er interessert i, og fordjupe seg i det. 

Gruppa vil få rettleiing frå professorar, postdoktorar og PhD-studentar frå gruppa Nanomekanisk lab ved Institutt for Konstruksjonsteknikk, eller eksterne, avhengig av tema gruppa veljar. Moglege tema kan vere

  • Anti-is overflater
  • Multifunksjonelle nanobelegg og nanokomposittar
  • Nanoforsterka sement og betong
  • Multiskala metodikk for konstruksjonsmateriale
  • Etiske aspekt rundt nanoteknologi i Konstruksjonsteknikk

Nanoteknologi


Om landsbyen TKT4854

Emnekode: TKT4854
Landsbytittel: Nanomekanikk
Type: Langsgående
Språk: Norsk
Landsbyleder: Sandra Sæther
Kontaktinformasjon: 
sandra.sather@ntnu.no
Undervises: Vår 2021
Undervisningssted: Trondheim

Important information about EiT

Important information about EiT:

  • The focus on teamwork skills and group processes is the unique feature of Experts in Teamwork (EiT)
  • EiTs teaching methods depend on the contribution and presence of every participant throughout the semester. For this reason, attendance is compulsory on every village day.
  • In contrast to many courses, the first few days are especially important in EiT. During this period, get to know each other and discuss what each individual can contribute. You will also draw up the compulsory cooperation agreement and start preparing a shared research question.
  • For additional information about Experts in Teamwork, see page for students