Bakgrunn og aktiviteter

PhD-prosjekt: “Democratisation by exclusion? Scandinavian Social Democracy and the Iberian transition to democracy 1974-1986”.

1970-talet var eit dramatisk tiår på den Iberiske halvøya, i det to av dei eldste diktatura i verda raskt gjekk i oppløysing. Korleis kunne ein best fremje demokratiseringa av Spania og Portugal? Skulle dei inkluderast i den europeiske demokratiske fellesskapen, eller skulle ein halde dei utanfor til dei beviseleg var stabile demokrati? Prosjektet mitt undersøkjer rolla til dei skandinaviske sosialdemokratane og det transnasjonale sosialdemokratiske nettverket i denne prosessen.  Målet er å gje den fyrste fullstendige oversikta over den sosialdemokratiske debatten kring demokratiseringa av den Iberiske halvøya.  

Rettleiarar: Kristian Steinnes og Fernando Guirao.