Bakgrunn og aktiviteter

Samtaleanalytikar og fonetikar.

Forskar på sosial interaksjon i profesjonelle samanhengar, innan krisekommunikasjon (samtalar mellom politi og individ som set eige liv i fare), service (t.d. kundetelefon) og pasientar sitt møte med profesjonelle helsearbeidere. 

Kva rolle spel val av ord og formuleringar, og bruk av prosodiske trekk for vegen vidare i samtalen? Med systematiske studier av autentiske samtalar kan vi identifisere dei språklege og interaksjonelle ressursane profesjonelle sjølv bruker, for å til dømes handtere, og unngå, konflikt.

Eg er medutviklar av CARM-metoden, som er ei tilnærming til å formidle samtaleanalytisk forskning til eit vidare publikum, og i kursing av profesjonelle. 

Eg er med i det NFR-finansierte prosjektet CAiTE (Conversation Analytic innovation for Teacher Education, ved Universitetet i Sørøst-Norge, 2018-2021), om korleis lærere gjer tilbakemeldingar i klasserom og under muntlig eksamen. Eg leiar arbeidet med å implementere og evaluere kommunikasjonsopplæring for lærerstudentar basert på forskninga.

Eg er programleiar for masterprogrammet i logopedi, og har som mål framover å utvikle samarbeid om samtaleanalytisk forskning med relevans for logopedi som fag og praksis i Norge.

Eg har bachelor- og masterutdanning frå NTNU (2000-2005); PhD frå University of York (2008-2011); var forskar ved University of Oxford (2011-2013) og Loughborough University (2014-2019).

Vitenskapelig, faglig og kunstnerisk arbeid

Et utvalg av nyere tidsskriftspublikasjoner, kunstneriske produksjoner, bok, inklusiv bokdeler og rapport-del. Se alle publikasjoner i databasen

Tidsskriftspublikasjoner

Del av bok/rapport

  • Sikveland, Rein Ove; Öttl, Anton; Amdal, Ingunn; Ernestus, Mirjam; Svendsen, Torbjørn; Edlund, Jens. (2010) Spontal-N: A Corpus of Interactional Spoken Norwegian. Proceedings of the Seventh conference on International Language Resources and Evaluation (LREC'10).
  • Koreman, Jacques; Andreeva, Bistra; Barry, William J.; Sikveland, Rein Ove; van Dommelen, Wim A.. (2009) Cross-language differences in the production of phrasal prominence in Norwegian and German. Nordic Prosody. Proceedings of the Xth Conference, Helsinki 2008.