Noverande stilling
Eg er stipendiat i norskdidaktikk, og er knytta til forskingsgruppa Fagleg literacy i skule og lærarutdanning – Forskning – Institutt for lærerutdanning - NTNU. Ph.d.-prosjektet handlar om Fagleg skriving i norskfaget på mellomtrinnet. Eg ønsker å få fram kunnskap om kva som går føre seg i norsktimane på mellomtrinnet, og løfte fram korleis lærarar forstår, tar i bruk og utviklar den norskfaglege kompetansen sin i skriveundervisinga
Eg underviser også ved norskseksjonen på instituttet.
Bakgrunn:
Eg er utdanna allmennlærar og lektor i norskdidaktikk (2014) ved HiST i Trondheim. Eg har fleire års erfaring frå grunnskulen, hovudsakleg mellomtrinnet. Sidan 2020 har eg arbeidd som universitetslektor ved Institutt for lærerutdanning, NTNU.